Samfunnskontakt (rådgjevar)
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Samfunnskontakt (rådgjevar)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Samfunnskontakt / kommunikasjonsmedarbeidar
Ved det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som samfunnskontakt for den nye nasjonale samfunnsvitskaplege infrastrukturen for forsking på demokrati og styresett (KODEM, Koordinerte onlinepaneler for forsking på demokrati og styresett).
Vi søkjer kandidatar som ønskjer å arbeide i skjeringsfeltet mellom vitskap og demokrati og som har erfaring med og/eller utdanningsbakgrunn frå arbeid med politikk, forvaltning og/eller media og journalistikk. Som del av ei gruppe med teknisk-administrativt og vitskapeleg tilsette vil den tilsette samarbeide med leiande samfunnsvitskaplege miljø ved ti konsortieinstitusjonar i heile landet (UiB, UiO, NTNU, UiT, UiA, UiS, OsloMet, NORCE, ISF, og Sikt).
KODEM er ein nasjonal forskingsinfrastruktur under etablering. I løpet av dei komande fem åra skal det byggast onlinepanel som skal vere representative for fire sentrale grupper i demokratiet: Innbyggjarar frå 18 år og oppover (Norsk medborgerpanel), folkevalde på alle nivå (Norsk politikerpanel), offentleg forvaltning på alle nivå (Norsk forvaltningspanel), og tilsette i offentlege og private mediebedrifter (Norsk journalistpanel).
Samfunnskontakten skal leie eit systematisk, langsiktig og ambisiøst arbeid med formål om å byggje kunnskap om betydninga til demokratiforskinga som skjer ved hjelp av KODEM. Arbeidet har gruppene som deltek i dei ulike panela som særleg viktige målgrupper, men arbeidet har òg som mål å gjere resultat frå forskinga kjent i samfunnet generelt.
Den som blir tilsett skal samarbeide med fleire leiande samfunnsforskarar frå heile Noreg, og vil arbeide særleg tett med det vitskaplege formidlingsteamet i KODEM som er leia av Jonas Stein, UiT, og Anne Lise Fimreite, UiB. Den tilsette vil bli del av eit framgangsrikt demokratiforskingsmiljø ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB og ha arbeidsstad i Bergen. Ein del tenestereiser nasjonalt må påreknast. Stillinga er formelt lagt til fellesadministrasjonen for dei tre institutta Politikk og forvalting, Samanliknande politikk og Sosiologi, med administrasjonssjefen som personalansvarleg.
Arbeidsoppgåver:
- Leie det strategiske kommunikasjons- og formidlingsarbeidet som skal sikre at demokratiforskinga i KODEM blir kjent og har tillit blant dei særleg viktige målgruppene for forskingsinfrastrukturen: politikarar, forvaltning, journalistar og mediehus på lokalt og nasjonal nivå.
- Byggje kjennskap om og tillit til demokratiforskinga i KODEM i det norske samfunnet generelt.
- Redaktøransvar for nyhetsbrev som skal formidle forsking til alle deltakarane i panela, dvs. til eit stort tal politikarar, journalistar, toppbyråkratar og til eit generelt publikum.
- Redaktøransvar for KODEM sine nettsider og evt. andre kommunikasjonsplattformer.
- Nettverksarbeid
- Arrangementsansvar
- Andre oppgåver knytt til drift av KODEM
Oppgåvene kan tilpassast noko til søkjaren, og det er mogleg å ta kurs for å styrke kompetansen på utvalde område.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjaren må ha erfaring med formidlings- og/eller kommunikasjonsarbeid frå journalistikk og analyse, og/eller frå politisk arbeid, og/eller knytt til kunnskapsformidling til målgrupper utanfor universitet og høgskule.
- Utdanningsbakgrunn i form av ein universitets-eller høgskulegrad er ikkje eit krav, men vil vere ein fordel dersom graden er knytt til demokratiforsking, samfunnsfag, surveydata eller liknande på minst MA-nivå.
- Erfaring med å arbeide oppimot ei eller fleire av målgruppene for demokratiforskinga (politikarar, forvaltning, journalistar og mediehus) i norsk kontekst er ein fordel.
- Interesse for og motivasjon til å arbeide med demokratiforsking basert på spørjeundersøkingar er eit krav.
- Forskingserfaring knytt til demokratiforsking og/eller surveydata er ein fordel.
- Erfaring frå å organisere møter og større arrangement er ønskjeleg.
- Leiarerfaring er ein fordel.
- Søkjaren må ha:
- særleg gode evner til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- særleg gode samarbeidsevner
- særleg god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- erfaring med digital og webbasert kommunikasjon
- evne til å arbeide strategisk, systematisk og resultatorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som rådgjevar etter kode 1434, for tida mellom kr. 650 000 – 700 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
- Fleksibel arbeidstid
- Gode velferdsordningar
Søknad
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev som skildrar motivasjon, kvalifikasjonar og eigenskapar.
- CV
- Ei mappe med 3-6 døme på relevant formidlings- og/eller kommunikasjonsarbeid dei siste fem åra.
- Attestar og vitnemål
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Elisabeth Ivarsflaten, elisabeth.ivarsflaten@uib.no eller seniorrådgjevar Erla Katrine Løvseth, erla.lovseth@uib.no.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2025/15175
Søknadsfrist: 15.1.2026
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8cd9ea13-1ee2-406b-b1b8-304d9b696780
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273382
Lignende annonser
Universitetsbibliotekar/førstebibliotekar i teknisk-naturvitskaplege fag (vikariat, 60%)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen