Hopp til innhold

Fysioterapeut

Arbeidsgiver

Helse, Stad kommune

Sted

Seljetunvegen 24, 6740 Selje

Om jobben

Oppstart
4. mai 2026
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 23. april

Vikariat som fysioterapeut – 100% stilling, frå snarast til 30.04.2027. 

Vi søkjer etter ein engasjert fysioterapeut i 100 % vikariat. Vår faste fysioterapeut i Selje skal gå over i ei stilling som rådgjevar innan helseteknologi, og vi treng difor ein vikar fram til 30.04.2027.

Fysioterapitenesta er organisert i helseeininga, saman med frisklivskoordinator og rådgjevar i helseteknologi. Kommunen har to kontor for kommunale fysio- og ergoterapitenester, lokalisert i Selje og på Eid. Denne stillinga har oppmøtestad i Selje.

Du vil bli ein del av eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Tenesta består i dag av 4 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar.

Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av profesjonar.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering og behandling av brukarar i alle aldrar
  • Oppfølging av pasientar både individuelt og i grupper
  • Hjelpemiddelsaker i høve barn og vaksne
  • Tett samarbeid med andre tenester og etatar i høve oppfølging av brukarar
  • Frisklivsarbeid er ein del av stillinga (inntil 20 %)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel
  • Erfaring med hjelpemiddelformidling
  • Det er eit krav om førarkort og du må kunne disponere eigen bil
  • Du må levere politiattest før start i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, samt ha evne til å motivere andre
  • Initiativrik og kreativ
  • Fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • God samhandlingskompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

I stillinga som fysioterapeut tilbyr vi løn etter kommunal tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Tilsettkompensasjon og køyregodtgjersle for bruk av eigen bil i tenesta

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Berit Heien Heggen, avdelingsleiar, berit.heien.heggen@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Seljetunvegen 24
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5109464549
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 23.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Berit Heien Heggen

avdelingsleiar

berit.heien.heggen@stad.kommune.no

Linda Gotteberg

einingsleiar helse

41694203

linda.gotteberg@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

788d182b-710c-4e3d-ab94-794e25d936a9

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

216bc8b607f64e88af5c6f98b31bcfc5

Lignende annonser

Laster lignende annonser