Hopp til innhold

Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, oppstart sommaren 2026

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF, Voss sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, Oppstart sommaren 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?

Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.

No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar til:

Medisinsk sengepost
Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar


👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.

Kvifor velje Voss sjukehus?
Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
Kort veg frå idè til handling
Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra


Arbeidsoppgåver

Medisinsk sengepost
Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.
Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Traineesjukepleiar – for nyutdanna
Oppstart 15. juni 2026
100 % fast stilling frå dag éin
2-årig strukturert løp
3 periodar ved ulike einingar (m.a. medisinsk og kirurgisk sengepost)
Felles opplæring, fagdagar og gruppebasert rettleiing
Dette er eit sterkt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera.
📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar.

📞 Spørsmål om traineeprogrammet?

Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352.

Kvalifikasjonar

Du:
  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg

Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!

Personlege eigenskapar

Du:
  • er fagleg nysgjerrig og tek ansvar
  • trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig
  • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati

Me tilbyr

  • Fast heiltidsstilling
  • Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk

⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.


Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Me ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 VOSS

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5056241728
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

77e76c4c-27e5-43df-a5c6-5aa15b00aeb4

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

920f89ca8e8f460188f6282264b5560f

Lignende annonser

Fast stilling som sjukepleiar og/eller vernepleiar

Arbeidsgiver

Voss herad Område nord

Sted

Vossestrand