Hopp til innhold

Universitetslektor (vikariat) i norsk som andrespråk

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Universitetslektor (vikariat) i norsk som andrespråk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Universitetslektor i norsk som andrespråk

Velkomen som søkjar til eit vikariat (100 % stilling) som universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 3. august 2026 eller så snart som mogleg etter dette. Stillinga er for eitt år med moglegheit for forlenging.


Om instituttet:

Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

Om Norskkursa:

Norskkursa ved LLE har for tida 13 fast tilsette universitetslektorar og har eit nært samarbeid med dei som arbeider i vitskaplege stillingar med norsk som andrespråk som ordinært studietilbod. Det blir gitt undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarkurs til kurs med meir fokus på akademisk skriving. Norskkursa gir også ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. 


Arbeidsoppgåver:

I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for:  

  • Undervisning, eksamensarbeid (sensur, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver) og anna undervisningsrelatert arbeid i norskkursa.
  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innan andre emne ved fakultetet/instituttet kan verte aktuelt.
  • Administrative oppgåver ved instituttet.

Undervisningsspråket er norsk.

Ved Norskkursa arbeider ein også med å utvikle ulike nettbaserte læringstilbod.

Delar av undervisninga kan bli lagt til sein ettermiddag eller kveld. 


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: 

Søkjaren må ha:
  • Norsk mastergrad i norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande. 
  • Morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og dokumentert kompetanse i både bokmål og nynorsk.

Ved vurdering av søkjarar vil det bli lagt stor vekt på dokumentert kompetanse i norsk som andrespråk.

Dersom det ikkje finst kvalifiserte søkjarar med mastergrad, vil søkjarar med relevant bachelorutdanning, til døme bachelor i norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande, bli vurderte for stillinga som øvingslærar.

Det er ein føremon med: 
  • Erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. 
  • Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Erfaring frå digital undervisning.
  • Vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha

  • gode samarbeids- og formidlingsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og å gjennomføre
  • evne til å delta i tverrfaglege fellesskap
  • motivasjon for stillinga. 

Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkarane er skikka til å drive undervisningsarbeid. Personlege eigenskapar blir vektlagd i vurderinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. 


Hos oss får du:

  • Eit godt og fagleg spennande arbeidsmiljø. 
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
  • Løn som universitetslektor (kode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 653 000 – 693 000 i full stilling. Ved tilsetjing som øvingslærar (kode 1007) er brutto årsløn på kr 593 700 – 633 700. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.  
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:

  • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Under «CV», oppgi: 
    • Personalia
    • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
    • Språkferdigheiter
    • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument:
    • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
    • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar, undervisningsopplegg og/eller evalueringar, til dømes utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle. 
    • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.
    • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. 

Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. 

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator Marianne van Baar, Norskkursa ved LLE, tlf.: 55 58 30 54 eller e-post: marianne.baar@uib.no, eller instituttleiar Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post anders.fagerjord@uib.no.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren bli varsla om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 


Kontaktpersoner for stillingen

Marianne van Baar

Fagkoordinator

+4755583054

marianne.baar@uib.no

Anders Fagerjord

Instituttleiar

+4755583653

anders.fagerjord@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

76c34ac7-b0b3-4503-a560-11c22b6a00b5

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10296801

Lignende annonser

Laster lignende annonser