Sjukepleiar
Heimetenesta, Gloppen kommune
Grandavegen, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Sjukepleiar og har lyst på ein jobb i heimetenesta? - Då vil vi ha deg i teamet vårt! Vi har ledig fast stilling i 80 - 100 %, for tida i avdeling Breim.
I heimetenesta jobbar du tett på menneske, i deira eigen heim. Du får bruke fagkunnskapen din, vere sjølvstendig og samtidig ein del av eit trygt og godt team.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper.
Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Vi er for tida i gong med å prøve ut ein kombinasjonsturnus med langvakter og arbeid kvar 5.helg.
Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no!
Arbeidsoppgåver
- Sikre høg kvalitet på sjukepleie og bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane våre
- Stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og rettleiing av ulike sjukepleieoppgåver.
- Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Vere ein viktig del i vårt tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar
- Vere ein trygg fagleg ressurs for kollegaer og bidra til kontinuerleg kompetanseheving.
- Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer.
- Legge til rette for at medisinsk behandling kan gjennomførast i heimen
- Bidra til utvikling i heimetenesta vår
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
- Det er ønskeleg med erfaring fra heimtenesta, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis.
- Du må vere fagleg engasjert
- Vere ein god rollemodell for andre
- Støtte for kollegarer, studentar og lærlingar
- Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag og har evne til å motivere medarbeiarar og ivareta eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver i ei teneste som arbeider med endring knytt til TØRN
- Fellesskap. Eit inkliderande og støttande arbeidsmiljø der vi bryr oss om kvarandre og feirar små og store sigrar saman.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- God sjukepleiedekning
Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Vollstad Hansen, Avdelingsleiar Breim heimeteneste, 94790621Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Arbeidsstad
Grandavegen6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5082089575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
+47 472 60 601
Elisabeth Vollstad Hansen
Avdelingsleiar Breim heimeteneste
94790621
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
76bcd3d0-761a-48df-a048-2a38675d865d
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eaba2b4fb29a417aae860d56db7916b0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Sjukepleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter
Arbeidsgiver
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
Sted
Nordfjordeid