Sjukepleiar 100 % fast stilling
Bokn kommune Pleie- og omsorg
Boknatunvegen 37Bokn kommune, 5561 Bokn
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100 % fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid, har årsturnus med moglegheit for å avvikle helgetimane med langvakter, (for tida kvar 4. helg),eller kvar 3. helg med ei ordinær vakt og ei langvakt. Me er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stilling.
Om arbeidsstaden
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
Alle tenestene er samla i eitt felles bygg. I andre etasje finn ein i tillegg til sjukestova og omsorgsbustadar legekontor, psykisk helseteneste, helsejukepleiar, fysio- og ergoterapi- teneste og frisør.
I første etasje finn ein kommunal administrasjon med servicetorg, kommunalsjefar, teknisk etat og kommunedirektør.
Me samarbeider for tida med andre kommmunar om sal av korttids- og langtidsopphald ved ledig kapasitet hjå oss.
Heile Bokn Kommune er i ein spennande utviklingsfase. I pleie- og omsorg ser ein mellom anna på korleis me skal fortsetje å yte gode tenestar for våre innbyggjerar samstundes som me nyttar ressursane våre på ein endå betre måte.
Lønningane for sjukepleierar i Bokn Kommune er blant dei 10 beste i Rogaland og gir ansienntitet opp til 20 år.
Me ønskjer deg som har interesse og engasjement for å arbeide i eldreomsorgen, gjerne med særskilt interesse for demens og geriatri, og som brenn for å yte gode helse- og omsorgstenester for våre tenestemottakerar.
Arbeidsoppgåver i stillinga
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
Kompetansekrav
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
Arbeidsgjevar tilbyr
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.
Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7612bc16-5e95-477a-ba67-8d39598c39c3
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3597223_241083_nn
Lignende annonser
Sykepleier / vernepleier
Arbeidsgiver
Storasund sykehjem, Karmøy kommune
Sted
Torvastad
Spennende og utviklende sykepleierstilling ledig på Bergåstjern sykehjem og omsorgsbolig
Arbeidsgiver
Stavanger kommune
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Bo og Aktivitet Nord: Lensmannstunet (7), Stavanger kommune
Sted
Stavanger