Ver med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og verksemdsstyring
Adecco Select
Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
Om jobben
- Stillingstittel
- Økonomileiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Dette er ei sjeldan moglegheit til å tre inn i ei nyoppretta nøkkelrolle med stor påverknad. Du får einsentral posisjon i to solide og framtidsretta verksemder, der du arbeider tett med både leiing og styre. Rolla gir deg moglegheit til å forme og vidareutvikle økonomifunksjonen, samstundes som du bidreg aktivt i strategiske avgjerder og utviklinga av organisasjonane.
Verksemdene opererer i ein samfunnskritisk bransje med aukande fokus på berekraft, effektiv ressursutnytting og framtidsretta løysingar. Stillinga gir deg dermed ein unik kombinasjon av strategiske og operative oppgåver, samt brei erfaring på tvers av selskap og organisasjonsformer.
Ei rolle der du får betydeleg påverknadskraft, og moglegheit til å forme ein ny økonomifunksjon.Som økonomileiar vil du ha eit overordna ansvar for økonomifunksjonen i begge verksemdene. Rolla spenner frå operativ økonomioppfølging til strategisk rådgjeving, og du vil vere ein sentral bidragsytar i avgjerdsprosessar og vidare utvikling. Du vil arbeide tett med leiinga og ha ei aktiv rolle i å sikre god styringsinformasjon, effektive prosessar og solide økonomiske avgjerdsgrunnlag.
Nokre av dei viktigaste oppgåvene dine-
Overordna ansvar for økonomistyring, rapportering og oppfølging mot leiing og styre
-
Leie budsjett-og oppfølgingsprosessar. Ansvar for årsoppgjer
-
Utarbeide avgjerdsgrunnlag og bidra til forbetring og gode strategiske prioriteringar
-
Analysere og vidareutvikle styringsinformasjon og nøkkeltal
-
Forvalte finansielle område som likviditet, lån og forsikringar
-
Bidra til utvikling av system og digitale løysingar
-
Delta i anskaffingar og følgje opp avtalar og leverandørar
Vi ser etter deg som kombinerer sterk økonomifagleg kompetanse med god forretningsforståing. Du er analytisk og strukturert, og evnar å omsetje innsikt til gode avgjerdsgrunnlag. Samstundes er du utviklingsorientert og motivert av moglegheita til å byggje opp og forbetre funksjonar over tid.
Du trivst i ei rolle med brei kontaktflate og samarbeider godt på tvers av fagmiljø og organisasjonar. Du er nysgjerrig, tek initiativ og har evne til å skape framdrift.
Vidare har du-
Høgare økonomisk utdanning
-
Erfaring frå økonomi, rekneskap eller controlling
-
God systemforståing og interesse for IKT og digital utvikling
-
Gjerne erfaring frå offentleg verksemd eller komplekse organisasjonar/konsern
-
Ei nyoppretta nøkkelrolle med stor påverknad
-
Moglegheit til å forme og utvikle økonomifunksjonen
-
Ei sentral rolle i to solide og framtidsretta verksemder
-
Varierte oppgåver med både strategisk og operativt ansvar
-
Eit uformelt og godt arbeidsmiljø med korte avgjerdsliner
-
Moglegheita til å bidra i ei viktig samfunnsoppgåve innan berekraft og ressursforvaltning
Dersom du synest dette høyrest ut som ei spennande moglegheit, høyrer vi gjerne frå deg. Send oss ein søknad eller ta kontakt med vår rekrutteringspartnar i Adecco ved distriktsjef Linn-Kristin Lorgen (959 74 621).
Søknadsfrist: 16.08.26Om bedriften
Volda og Ørsta Reinhaldsverk driv med innsamling, sortering og vidaresending av avfall frå hushaldningane i Volda og Ørsta. Vi har eit samfunnsoppdrag frå eigarkommunane våre, der vi skal levere miljømessig gode og rasjonelle tenester til innbyggarane. Aktivitetane våre er styrt av driftsløyve og overordna regelverk, og det er sett klare mål for sortering og materialgjenvinning. Avfallet skal takast vare på som ein ressurs, for Sortert avfall gir verdi!
Medan VØR tek seg av monopoloppgåvene overfor hushaldningane, leverer VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS, avfallstenester til næringslivet.
Retura Søre Sunnmøre vart etablert i 2004 og er ein totalleverandør innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi leverer alt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og har brei erfaring på korleis best ta hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7540a6fa-9265-4d5f-99a2-864af3db833d
- Sist endret
15. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
465787540