Hopp til innhold

Konsulent/Spesialkonsulent

Arbeidsgiver

ORO-OK - Løn, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent/Spesialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Er du vår nye kollega? Hos oss vil du få jobbe med løn i ein organisasjon med høg fagleg kompetanse og eit stort samfunnsansvar.
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert lønsmedarbeidar til lønsteamet vårt. Eininga består av 12 tilsette med høg delingskultur. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med løn frå A til Å for ein stor og kompleks organisasjon. Vi ser etter deg som trivst med struktur og kvalitet – samstundes som du er nysgjerrig på digitale løysingar.

Vi skal sikre og utvikle god kompetanse på det løns- og HR-faglege området, både internt i eininga og som leiarstøtte.


Arbeidsoppgåver

  • handtere lønnskøyring og fråvær for eigne einingar
  • handtere sjukefråvær og refusjonar frå NAV

Du vil også få oppgåver som til dømes:

  • utvikling av  rutinar og informasjon til einingane våre
  • pensjonsrapportering
  • reiserekningar og utlegg 
  • vere en sentral samspelspartnar med våre HR-rådgjevarar

Det er særs viktig at du kan arbeide sjølvstendig med løn frå A til Å. Gode kunnskapar innan fråvær- og refusjonarbeid vil også bli vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev i kontor- og administrasjonsfag og/eller fagskule innan løn/HR. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • god erfaring frå lønsarbeid og kunne handtere lønnskøyring for eigne einingar
  • kunnskap om lov- og avtaleverk innan løn og sjukefråvær, samt regelverk for reiseutlegg
  • gode datakunnskapar, særleg i Excel
  • kjennskap til tariffavtalar

 

  • det er ein fordel om du er ein erfaren brukar av ulike løn- og personaldatasystem, digitale sjukmeldingar i løns- og personaldatasystem, elektronisk reiserekningssystem og har systemkunnskap knytt til desse løysingane
  • erfaring frå HR arbeid er eit pluss
  • det er ein fordel å ha kjennskap til fylkeskommunen si organisering

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt, strukturert og påliteleg
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Arbeider godt i lag med andre, og sjølvstendig 
  • Ynskjer å jobbe med opplæring til våre leiarar
  • Har interesse for å bidra til forbedring av system og prosessar

Vi tilbyr

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid
  • godt arbeidsmiljø, med ein høg delingskultur

Kontaktinformasjon

Hanne Lin Øvsthus, leiar, 48024647

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5124575580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hanne Lin Øvsthus

leiar

48024647

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

75342bb1-2201-49b9-b42d-164252924dbe

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

25bdfa319a90438db9a6eef33eb74135

Lignende annonser

Laster lignende annonser