Hopp til innhold

To formidlarar til sommarsesongen på Sunnmøre museum og Middelaldermuseet

Arbeidsgiver

Stiftinga Viti

Sted

Museumsvegen 12, 6015 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Formidler
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, ukedager og søndag
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Viti søker to formidlarar som kan inngå i turnus for sommarformidling til publikum på Sunnmøre museum og Middelaldermuseet. Som formidlar er du del av eit team som møter publikum og legg til rette for ulike aktivitetar i hus og tun.

Vi oppfordrar ungdom til å søke, og gjerne deg som spelar eit instrument eller har ei anna ferdigheit som kan nyttast i formidlinga.

Periode: Arbeidet skjer i perioden 22. juni til og med 16. august. Stillinga er på til saman omlag 70%, fordelt i perioden.

Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:

  • Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt

  • Har interesse og / eller fagbakgrunn innan museum og historie

  • Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk

  • Er sjølvstendig, strukturert og ryddig

  • Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar

Vi tilbyr :

  • Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø

  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering for sommarformidlarar i stillingskode 1078 betjent med minsteløn kr 389 100

  • Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Arbeidstid varierer og blir sett inn i ein turnus som også kan vere helg.

Søknadsfrist: 7. april. Ver venleg å spesifiser kva stilling du søker på.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi krev vandelsattest til formidlarstillingar.

Send søknad til post@vitimusea.no Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Om bedriften

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7501c953-04a6-4cbf-a486-28174e1273d4

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

7501c953-04a6-4cbf-a486-28174e1273d4

Lignende annonser