Hopp til innhold

Viti søker etter ein Samlingsforvaltingsleiar

Arbeidsgiver

Viti

Sted

Museumsvegen 12, 6015 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Samlingsforvaltningsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

Stiftinga Viti søkjer ein kunnskapsrik og utviklingsorientert samlingsforvaltar, med ansvaret for forvaltinga av museet sine samlingar. Samlingane våre er delvis i magasin, delvis i utstilling og delvis som freda bygningar, antikvariske bygningar og båtar, kulturlandskap og immateriell kulturarv.

Som samlingsforvaltingsleiar, får du høve til å påverke utvikling og vedlikehald av samlingane, forske, dokumentere og systematisere, bidra til utstillingsproduksjonar og formidle kunst- og kulturarven.

Vi tilbyr eit godt og ambisiøst fagfellesskap, med varierte oppgåver.

Vi ser etter deg med relevant erfaring frå samlingsarbeid i museum, og helst også erfaring med kulturminnevern, tradisjonshandverk og immateriell kulturarv.

Kan du i tillegg vise til forsking og publisering innanfor fagområdet og erfaring med prosjektarbeid, søknadsskriving, personal- og budsjettarbeid, er det ein fordel. Du er systematisk, kreativ og har svært gode samarbeidsevner.

Samlingsforvaltingsarbeidet omfattar førebyggjande konservering,
handtering av gjenstandar, magasinering, deaksesjon, digitalisering og dokumentasjon av samlingane, tilgjengeleggjering og formidling, utvikling av samlingane gjennom aktiv innsamling og utvikling av samlingsplan, dialog med andre museum, privatpersonar og institusjonar.

Som samlingsforvaltar arbeider du med fagansvarlege på tvers av avdelingane i Viti, innan både kunst og kulturhistorie, drift, sikring og beredskap. Til stillinga er det planlagt delegert personalansvar. Erfaring med personal -- og økonomistyring er ein fordel.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, helst på master eller Phd-nivå i kulturminneforvalting, museologi, MA Museum Studies eller tilsvarande

  • Har god kjennskap til Primus, SPECTRUM og andre overordna verktøy, lovverk og regelverk for museumsarbeid

  • Er ein lagspelar, positiv, samarbeidsorientert og har erfaring med personalleiing

  • Arbeider strukturert med god framdrift, både sjølvstendig og saman med andre

  • Er allsidig og innstilt på å utføre varierte arbeidsoppgåver, også formidling av samlingane som en del av Stiftinga Viti sitt samfunnsoppdrag

  • Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på nynorsk og engelsk og helst erfaring med større, skriftleg planarbeid

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Manglande kompetanse innan deler av arbeidsfeltet kan kompenserast med anna erfaring.

Hovudmagasinet til Viti er ved Sunnmøre museum i Ålesund, og her vil du få kontorstad. Noko reising mellom kontorstadene må påreknast. Viti deltar i ei rekkje nasjonale nettverk og har også internasjonale samarbeid. Stillinga er plassert i kulturhistorisk avdeling, men har eit tverrfagleg forvaltingsansvar som inkluderer kunst og design.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst- og kulturarv

  • Fagleg dedikerte kollegaer

  • Gode utviklingsmoglegheiter

  • Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

  • Fleksitid, ein times trening i arbeidstida og gode, moderne kontorfasilietetar

  • Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan

Løn etter kvalifikasjonar og erfaring, i tråd med gjeldande tariffavtale

Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.

Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Søknadsfrist 1. april 2026
Søknad sendast post@vitimusea.no merk stillinga Samlingsforvaltningsleiar

Om bedriften

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bceaaf28-4352-486b-8f58-8ae98d0ce01a

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

452529828

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sanitetshjemmet bokollektiv, Ålesund kommune

Sted

Ålesund