Kontaktperson i Voss barnevernteneste
Voss herad Barneverntenesta
Gurid Allmenningens plass 1, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontaktperson i Voss barnevern
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Det er ein ledig midlertidig stilling 100 % som kontaktperson ved Voss barnevernteneste. Stillinga varar i eit år, med moglegheit for forlenging.
Om arbeidsstadenMe som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa
- openheit - ved å vera ærlege og gje informasjon.
- kjærleik - ved å bry oss og vise menneskevarme.
- me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
- me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
- me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.
Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg
Stillinga er aktuelle på begge team.
Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta har eit tett og konstruktivt samarbeid med andre instansar og avdelingar i heradet.
Arbeidsoppgåver som kontaktperson
- stillinga inneber sakshandsaming etter lov om barnevern
- kontaktpersonar må møte som heradet sin partsrepresentant i Barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
- tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage.
- kontaktpersonane må pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen
- ein må pårekne arbeid på ettermiddag og kveld
- andre oppgåver må og påreknast
- sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver
- minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom
- gjerne relevant vidareutdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Søkjar må snakke og skrive flytande norsk
- god barnevernfagleg forståing
- du har lengre erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
- du har høg arbeidskapasitet og vilje til å vere fleskibel
- du har gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig
- du er empatisk, engasjert og god på å bygge relasjonar
- du representere barneverntenesta på ein god måte
- du jobbar målretta, har struktur og gjennomføringsevne
- du tek ansvar for oppgåvene dine, eiga komptanseutvikling og deltek aktivt i å skapa eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
- du handterar utfordrande situasjonar med ro og kompetanse
- du kan begeistra, dela kunnskap og motivera
- du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som tenesta endrar seg
I tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.
Me tilbyr- gode vilkår for fagleg utvikling
- deltaking i å utvikla framtidas barnevern
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- kjekke og kompetente kollegaer
- rettleiing både internt, fagleg og prosess
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74fbd7c0-c218-4090-9f7e-1a843611af37
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3595105_212993_nn
Lignende annonser
Vernepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad Lundhaugen omsorgsbustader
Sted
Voss
Pedagogisk psykologisk rådgjevar grunnskule og barnehage
Arbeidsgiver
Voss herad PPT
Sted
Voss
Fast stilling på Vossestrand
Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Sted
Vossestrand