Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar - vikariat

Arbeidsgiver

Miljødirektoratet

Sted

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert vikar til arbeidet med å ta vare på trua natur. Dette er ein jobb for deg som har god kunnskap om økologi, er oppteken av heilskap og samanhengar i naturen og interessert i å følgje opp trua artar og naturtypar i samarbeid med andre styresmakter og samfunnsaktørar. Bruk av digitale hjelpemiddel for analyse og formidling vil vere sentralt i arbeidet. 

Stillinga ligg under seksjon for trua artar og naturtypar. Seksjonen har ansvar for å utarbeide og følgje opp handlingsplanar for trua artar og naturtypar. Vi har òg eit særleg ansvar for hovudøkosystemet, kulturlandskap og ope lågland. Arbeidet med å følgje opp internasjonale konvensjonar og avtalar på naturmangfaldområdet ligg òg til seksjonen. 

Seksjonen har 11 medarbeidarar, og vi har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim. Hos oss blir du ein del av eit allsidig og engasjert fagmiljø som arbeider med å ta vare på naturmangfaldet i Noreg og internasjonalt. Vi arbeider både sjølvstendig, i mindre faggrupper og saman med andre fagmiljø i Miljødirektoratet.


Stillinga sine hovudansvarsområde

  • saksbehandling og oppgåver innafor forvaltning av trua artar og trua naturtypar i samarbeid med statsforvaltar
  • utarbeide og følgje opp handlingsplanar og bidra til å følgje opp tilskotsordningar, inkludert å vidareutvikle malar og digitale verktøy
  • bestille og gjere tilgjengeleg ny kunnskap for forvaltning av trua natur
  • bidra til å følgje opp tiltaksplan for ville pollinerande insekt
  • å delta i andre arbeidsoppgåver innanfor fagområda til seksjonen 

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar
  • relevant utdanning på masternivå, helst innafor økologi eller naturforvaltning. Årets kandidatar kan søke, under føresetnad av at alle eksamenar vert bestått dette semesteret
  • god økologisk kunnskap og kunnskap om artar og naturtypar i norsk natur 
  • god i munnleg og skriftleg norsk 
  • god digital kompetanse, og gjerne kjennskap til kartlegging av naturtypar etter NiN og kartanalyse (GIS).
  • erfaring frå analysearbeid og handtering av miljødataer er ønskeleg. 
  • kjennskap til offentleg forvaltning er ønskeleg 
Eigenskapar
  • Du har god rolleforståing og ser heilskap og samanhengar. 
  • Du er strukturert og sikrar framdrift i eige arbeid og saman med andre. 
  • Du er utviklingsorientert og liker å finne gode løysingar.
  • Du har gode relasjonelle eigenskapar og samarbeider godt på tvers. 
  • Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • vikariat med antatt varigheit til 15.juni 2027
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde 
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling, eit breitt utval av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida 
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse  
  • lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspennet frå kr 600 000 – kr 900 000, etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søker kan vurderast høgare.

Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Aina Holst, på tlf. 99541921 eller e-post aina.holst@miljodir.no.

Oppgi referansenummer 25-2026 LTR når du tek kontakt.


Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. 

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.


Kontaktperson for stillingen

Aina Holst

Seksjonsleiar

+4799541921

aina.holst@miljodir.no

Om bedriften

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning. 

Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.

Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke! 

Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

74b8cae6-f6dc-40a0-bb0c-711d661bb536

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289876

Lignende annonser

Laster lignende annonser