Senior Rekneskapsrådgjevarar
Sparebank 1 Regnskapshuset
Strandgata 89, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Senior Rekneskapsrådgjevarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. mars
SpareBank 1 Rekneskapshuset SMN søkjer etter nye kollegaer som har erfaring med rekneskap/revisjon og ønskjer å vere ein del av eit spanande arbeidsmiljø der rådgjeving står i sentrum.
Ja, du vil jobbe med nokre rekneskapsoppgåver som bokføring, avstemming og årsoppgjer, men stadig større delar av dette arbeidet tek gode datasystem seg av. Dette gjer at rolla som rekneskapsrådgjevar inneheld så mykje meir.
Her vil du jobbe i kryssinga mellom teknologi og tradisjon.Du vil jobbe som ein sparringspartnar for kundane og vere den dei spør om råd når det gjeld framtidige investeringar, generasjonsskifte, digital utvikling og mykje meir. Vi forventar ikkje at du kjenner til alle desse fagområda, og det treng du heller ikkje; vi er så heldige at vi har ei rekkje spesialistar i konsernet som kan bidra til å løyse utfordringane kunden står overfor. Dei spelar vi på lag med for å finne skreddarsydde svar for kvar enkelt kunde. Det synes vi som jobbar her er inspirerande og lærerikt, samstundes som vi kan finne dei beste løysingane ilag.
Kundemassen vår består av store og små verksemder der vi rettleier og opptrer som ein viktig støttespelar. Ditt ansvar som rekneskapsrådgjevar vil vere å ta hand om økonomien til verksemda, slik at dei kan fokusere på drifta si.
Arbeidskvardagen din vil bestå av teambasert og sjølvstendig rekneskapsarbeid, digitalisering og effektiv arbeidsmetodikk i skybaserte system, kundemøte, kundebesøk og proaktiv rekneskapsrådgjeving frå A til Å. Du må ha evna til å byggje relasjonar basert på tillit, og like å prate med folk som står i ulike utfordringar.
I rolla som senior rekneskapsrådgjevar ser vi etter deg som har ein bachelorgrad i økonomi, er statsautorisert rekneskapsførar eller på god veg til å bli det. Du må ha god rekneskapsfagleg forståing og bruke kompetansen din aktivt ut mot kundane. Vi jobbar teambasert, så gode relasjonelle ferdigheiter og god kommunikasjon er viktige kompetansar i rolla.I SpareBank 1 SMN er vi opptekne av samarbeid og det å skape synergi på tvers. Du vil bli del av eit solid kompetansemiljø med store moglegheiter for personleg utvikling og gode karrieremoglegheiter. På Søre Sunnmøre har vi kontor i Ørsta og Volda, Hareid, Ulsteinvik og Fosnavåg, og i samarbeid med deg vil vi finne gode løysingar for kva som vert din faste arbeidsstad.
Det er mange gode grunnar til å jobbe hos oss. Her har du nokre:
- Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling.
- Akademiet vårt. Ein intern og konsernfelles utviklingsarena som bidreg til læring og framtidige karrieremoglegheiter.
- Vi er ein del av eit stort konsern med fokus på intern rekruttering, så her kan du få sjansen til å prøve deg i fleire roller.
- Gode vilkår på lån, forsikring og pensjon.
- Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement, aktivitetar og bedriftsidrettslag.
- Ein arbeidsgivar som er eigd av lokalsamfunnet og som er oppteken av å gi tilbake.
Du treng ikkje skrive søknadsbrev. Du svarar på nokre spørsmål i søknadsportalen og lastar opp CV/vitnemål og eventuelle andre relevante dokument.
Om bedriften
Vi skal bidra til bærekraftige lokalsamfunn
SpareBank 1 SMN-konsernet er Midt-Norges ledende finanskonsern. Vi hjelper deg med alt fra privatmarked og bedriftsmarked til eiendomsmegling og regnskap. Lokalsamfunnet er vår største eier, og får sin del av bankens overskudd. Dette kaller vi samfunnsutbytte, og hvert år bidrar samfunnsutbyttet til små og store formål som skal gjøre Midt-Norge til en enda bedre plass å bo.
Bærekraft
Sosialt ansvar og bærekraft er viktige fokusområder for hele SpareBank 1 SMN-konsernet. Det lokale er spesielt viktig, men vi tenker også nasjonalt og globalt. Vi jobber bredt med FNs bærekraftsmål og følger FNs prinsipper for ansvarlig bankdrift.
Framover skal vi fortsette å ha et aktivt og ansvarlig forhold til bærekraft. Vi skal være en del av løsningen og en proaktiv alliert i omstillingen til et mer bærekraftig samfunn. Vi er opptatt av likestilling og mangfold internt, og gjennom rådgivning, produkter og tjenester skal vi styrke økonomisk likestilling i samfunnet.
Mangfold
Mangfold er en styrke på arbeidsplassen. Derfor oppfordrer vi folk med ulik kompetanse, livserfaringer, perspektiver, alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting til å søke på våre.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74272c5e-8b66-40d2-8a35-d0b5b50058cd
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450766571
Lignende annonser
Senior Rekneskapsrådgjevarar
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Sted
Volda
Rådgiver CFO Tjenester
Arbeidsgiver
Tell Norge AS
Sted
Ålesund
Bedriftsrådgiver
Arbeidsgiver
Handelsbanken Norge
Sted
Ålesund