Nattavdelingssjukepleiar
Heimetenestene, Time kommune
Røyrvika 13, 4340 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Nattavdelingssjukepleiar/sjukepleiar
- Oppstart
- 1. mai 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Ein av våre dyktige nattavdelingssjukepleiarar går no av med pensjon, og me søkjer ein etterfølgjar. Korttids- og rehabiliteringsavdelinga samarbeider tett med nattpatruljen i heimesjukepleien.
Me ser etter ein medarbeidar som er fleksibel og som kan bidra på tvers av avdelingane ved behov. Det er difor krav om førarkort for personbil. Stillinga er ei 50 % nattstilling, inngår i turnus og har arbeid kvar tredje helg.
Litt om avdelinga:
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga held til i flotte og nyoppussa lokale i 2. etasje på Sivdamheimen. Avdelinga har 24 rom, der nokre også blir nytta som lindrande senger. Pasientgruppa er samansett, og arbeid ved avdelinga gir stor fagleg variasjon og mange spanande utfordringar. Avdelinga har fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar, og det er knytt fleire tverrfaglege ressursar til avdelinga, mellom anna tilsynslege, klinisk ernæringsfysiolog samt fysio- og ergoterapeut.
Nattpatruljen yter tenester til heimebuande pasientar, og mange av desse er kjende for korttid- og rehabiliteringsavdelinga. Oppgåvene kan ofte vera knytte til kliniske sjukepleiarprosedyrar eller bistand ved handtering av tryggleiksalarmar.
Avdelinga ligg sentralt til på Bryne, med kort gangavstand til togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar hos oss vil du:- ha pasientansvar og bidra til heilskapleg og fagleg forsvarleg oppfølging av pasientane
- delta i tverrfagleg planlegging og gjennomføring av pasientforløp
- ha ansvar for samhandling med spesialisthelsetenesta
- samarbeida tett med andre tenester innan kommunehelsetenesta
- utføra sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningsliner
- stå for kommunikasjon med og oppfølging av pårørande
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett:- er offentleg godkjend sjukepleiar
- har gjerne relevant vidareutdanning, til dømes innan gerontologi, akuttmedisinsk sjukepleie eller arbeid med kronisk og alvorleg sjuke / primærhelsetenesta
- har erfaring frå tilsvarande arbeid eller relevant praksis
- beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
– for søkjarar med anna morsmål enn norsk krevst dokumentert språknivå på minimum B2 - kan nytta IKT-verktøy i det daglege arbeidet
- legg ved relevante attestar, samt vitnemål og/eller karakterutskrift frå Vitnemålsportalen
og har utdanning frå utlandet, legg ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:- har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og bidreg positivt i arbeidsfellesskapet
- arbeider sjølvstendig, tek initiativ og følgjer opp oppgåver som må gjennomførast
- er fleksibel og villig til å ta på deg nye arbeidsoppgåver i takt med endringar i organisasjonen
- trivst med utfordringar, er engasjert, løysingsorientert og har god evne til å gjera faglege vurderingar
- tek ansvar for eigen fagleg utvikling og er open for å tileigna deg ny kunnskap
- har gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg – dette vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- gode pensjonsordningar (KLP)
- løn etter tariff/avtale
- ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Gode stipendordningar om du tenker på vidareutdanning
Det vert kravd politiattest før tiltreding i stillinga.
Klikk her: her kan du sjå film fra vår virksomhet.
Kontaktinformasjon
Anlaug Øie, Avdelingsleder, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.noArbeidsstad
Røyrvika 134340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5091425539
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
73f5d05a-db03-4d01-b4f7-cfb14cabe260
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1cb5dd01973d4931ac150269f06d62a7