Hopp til innhold

Vegingeniør og VA-ingeniør

Arbeidsgiver

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS

Sted

5649 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Vegingeniør og VA-ingeniør
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Send søknad til

andre@byggadmin.no
Vegingeniør og VA-ingeniør

Vi opplever ein auke i prosjekt knytt til dei to fagområda. Dette gjeld både planleggingsfase i samband med utarbeiding av reguleringsplanar, prosjekteringsfase ved utarbeiding av tekniske planar og knytt til ulike søknadsprosessar for tekniske anlegg.  Me søkjer derfor etter ein person som har kompetanse og interesser innan begge eller eit av fagfelta. God skriftleg evne til formulering vil vere ein fordel. Arbeidsstad vil vere i Eikelandsosen / Osøyro.

 

Arbeidsoppgåver:

- Utarbeide VAO-rammeplanar, planar for handtering av overvatn og vegplanar knytt til regulering

- Prosjektering av veg og VA-anlegg inkludert anlegg for handtering av overvatn

- Søknadsprosess for godkjenning av tekniske planar mot kommunar og fylket

 

Vi nyttar Autocad Civil 3D og Focus programpakke ved prosjektering av veg- og VA-anlegg

Bedrifta har og eigen undervans drone for mellom anna inspeksjon av utsleppsleidningar

  

Kvalifikasjonar: - Relevant utdanning frå høgskule og universitetsnivå er ein fordel - Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar - Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring

 

Ta kontakt med Andrè Bjørndal, tlf. 950 42 104, andre@byggadmin.no

 

Søknaden kan sendast oss på: andre@byggadmin.no 

 

Søknadsfrist: 27.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Andrè Bjørndal

950 42 104

andre@byggadmin.no

Om bedriften

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er et rådgivande ingeniørkontor med 11 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Vi har og eit avdelingskontor på Osøyro. Alle tilsette har og tilbod om bruk av heimekontor.

Vi tilbyr våre kundar mellom anna utarbeiding av reguleringsplanar, hjelp til å få gjennomført byggesaker og planlegging og prosjektering av kommunaltekniske anlegg i sentrale deler av Hordaland. Me har for tida masse oppdrag i Bergen og omeng samt Voss, Kvinnherad og Tysnes. I vårt firma er det svært ønskeleg at ein har bred kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt.  

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7384f63b-eb9c-40e3-a8c3-a9b32c2c0c9a

Sist endret

15. april 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4562056

Lignende annonser

Laster lignende annonser