Fysioterapeut - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Helsefremming og rehabilitering
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Arbeidsstad
Bjørnafjorden Vest - Hovudsakleg kontorplass på Luranetunet bu- og behandlingssenter. Ein mindre del av stillinga vil og vere på gamle Lyssandsfabrikken.
Arbeidsoppgåver
Stillinga omhandlar hovudsakleg undersøking, behandling, rehabilitering, habilitering og oppfølging av vaksne og eldre tilknytta korttidsavdelingar og heimeboande. Deler av stillinga vil vere tilknytta kvardagsrehabilitering og kartleggingsteamet.
Viktige oppgåver er også rettleiing av samarbeidspartnere og pårørande, tverrfagleg arbeid og bidra med oppfølging av studenter i samarbeid med dei andre terapautane. Det er ei forventning at du vil delta og bidra til utvikling av helsetenester i kommunen.
Vi ser etter deg som er nytenkande, kreativ, fleksibel og vil bidra til utvikling av tenestene våre. Vi ønskjer å gi tilbod til våre innbyggjarar som både tek hensyn til dagens utfordringar og gjør oss betre rusta til å utnytte fremtidas moglegheiter.
Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vere fleksibel og god på tverrfagleg samarbeid og villig til å ta ansvar.Tenesta har stor bredde i type oppgåver, og ein har kultur for å hjelpa kvarandre og bidra ved behov. Du som søkjer må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar- Autorisasjon som fysioterapeut
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort klasse B
- Må ha gode munnleg og skriftleg norske språkferdigheiter
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta
- Ønskjeleg med erfaring med søknader- og oppfølging på bruk av hjelpemidlar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
- Evne til å arbeida målretta og ha god struktur i arbeidskvardagen
- Evne til å byggja gode relasjonar både ovenfor brukarar og kollegaer
- Ønsker å bidra til forebyggande satsing for helsetenester
- Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
733c53ce-808a-451a-8efe-3eb34b21dcec
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3633257_195951_nn