Hopp til innhold

Langevåg skule og SFO søker inntil 3 Assistentar/fagarbeidarar i 50-80% vikariat for skuleåret 26/27

Arbeidsgiver

Langevåg skule, Sula kommune

Sted

Bratthaugmyra 39, 6030 Langevåg

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Langevåg skule og SFO søker inntil 3 Assistentar/fagarbeidarar i 50-80% vikariat for skuleåret 26/27
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Langevåg skule og SFO søker assistent/fagarbeider i vikariat for skuleåret 26/27. Stillinga omfattar arbeid både i skulen og SFO og vil vere knytt både til arbeid i større elevgrupper og som personleg assistanse for elevar med særskilde behov for hjelp.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar. 
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.

Arbeidsoppgåver

  • Sette leik og aktivitet i fokus.

  • Legge til rette for at barna skal få positive opplevingar kvar dag.

  • Vere tydelege og tilgjengelege vaksne, som har tid til å lytte og snakke med barna.

  • Lære barna å vise omsyn til kvarandre.

  • Ha god dialog med føresette.

  • Vere kreative saman med barna.

  • Vere tydelige og ansvarlige rollemodellar.

Kvalifikasjonar

Det er ikkje stilt formelle utdanningskrav til stillingane, men vi ønsker å oppretthalde ei god blanding av menn og kvinner på skulen og SFO og menn vert difor oppmoda om å søke. Personlege eigensakper, erfaring frå tilsvarande arbeid og utdanning med fagbrev vil verte vektlagt i tilsettinga.


Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • viser engasjement og godt humør.

  • likar å samarbeide, dele og reflektere saman med kollegaane sine. 

  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.

  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.

Vi tilbyr

  • Ei stor, aktiv og flott barnegruppe.

  • Positive, engasjerte og inkluderende personalgruppe.

  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør
Maren Kristoffersen, SFO-leiar

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5125889198
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Maren Kristoffersen

SFO-leiar

Harald Weibust

Undervisningsinspektør

Ole Martin Tonheim

Rektor

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

732a501e-a05c-45c8-9ac9-b7137067e7d5

Sist endret

7. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

755682ef44e64e56803fd6b1827bb21a

Lignende annonser

Laster lignende annonser