Hopp til innhold

Tilkallingsvikar undervisningsstilling - Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Arbeidsgiver

OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Vikastemmo 35, 5411 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar undervisningsstilling - Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Er du en dyktig og engasjert person med kompetanse innan informasjonsteknologi og medieproduksjon? Stord vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og pensjonistar eller studentar. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i faget ved fråvær.


Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
  • Samarbeida med andre på skulen

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har bakgrunn frå informasjonsteknologi og medieproduksjon, gjerne erfaring med opplæring av andre
  • Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest. 

    Personlege eigenskapar

    • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
    • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
    • Likar å omgåast ungdom
    • Er systematisk og nøyaktig

    Vi tilbyr

    • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
    • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
    • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
    • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

    Kontaktinformasjon

    Dan Harald Torbjørnsen, avdelingsleiar, 47010239

    Arbeidsstad

    Vikastemmo 35
    5411 Stord

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5094170274
    Stillingsprosent: 0%
    Anna
    Startdato: 01.04.2026
    Sluttdato: 20.06.2026
    Søknadsfrist: 31.03.2026

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    726898f7-cdcd-4da4-97f1-7ad8fe009702

    Sist endret

    1. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    d05305b66bab46709cf6a83299a66846

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser