Hopp til innhold

Jobbsmaking for ungdom

Arbeidsgiver

Sykkylven kommune

Sted

Gråurvegen 2, 6230 Sykkylven, Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, Sørestrandvegen 1235, 6222 Ikornnes, Ullaviklia 23, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Jobbsmaking for ungdom
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Er du mellom 15 og 17 år og på jakt etter di første sommarjobb? Då er dette moglegheita for deg!

Sykkylven kommune søkjer no engasjerte og ansvarlege ungdomar til å bli ein del av vårt team i sommer.

I sommar tilbyr vi jobbsmaking innan følgjande fagområde:

  • I dei kommunale barnehagane
  • På bu- og aktivitetssenteret (BUAS) 
  • Med reinhald - og vedlikehaldsteamet

Stillingane i barnehage er ledige veke 26-29, stillingane ved vedlikehald og reinhald veke 26-28 og stillingane på BUAS veke 28-32.

Arbeidstida vil vere i vekedagane på dagtid.

Hugs å skrive i søknaden i kva periode du kan jobbe og kvar du vil jobbe.

Dette er ei flott moglegheit til å få nyttig arbeidserfaring, lære nye ferdigheiter og bidra til lokalsamfunnet vårt. Vi håper å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Eksempel på arbeidsoppgåver ved BUAS:
  • Kjøkkenarbeid – forberede og rydde opp, hjelpe til under måltida, servere mat og drikke
  • Tørke bord og holde det ryddig, rydde i fellesområder
  • Rydde på rom etter morgonstell. Bl.a. skifte på senger, ta ut boss osv.
  • Prate og holde bebuarar med selskap
  • Aktiviteter med bebuarane (lese høgt, gå tur, spele spel, bingo, song, trim, puslespel)
  • Ulike forefallande arbeid ilag med bebuarane (legge i hop klede, vatne blomster, hjelpe til i hagen)
  • Eksempel på arbeidsoppgåver i barnehage:
  • Vere ein aktiv bidragsytar inn i kvardagen til barna gjennom å legge til rette for leik, omsorg og tryggheit
  • Planlegge, gjennomføre og delta på aktivitetar saman med barna både inne og ute
  • Hjelpe til under måltider, påkledning og rydding
  • Eksempel på arbeidsoppgåver ved reinhald og vedlikehald:
  • Rydding både ute og inne
  • Reinhald av kommunale bygg

    Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som

    • Er mellom 15-17 år
    • Er motivert, ansvarsbevisst og påliteleg
    • Er sosial og likar å jobbe
    • Er klar for å lære og bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • Er nøyaktig og har god ordenssans

    Vi tilbyr

    • Ein meiningsfylt jobbsmaking!
    • Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk
    • Løn etter kommunale vilkår

     

    Offentlegheit
    Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

    Kontaktinformasjon

    Aino Aakerøy, HR-rådgivar, 91164532, aino.aakeroy@sykkylven.kommune.no
    Ronny Utgård, Avdelingsleiar eigedom, 90697788, aino.aakeroy@sykkylven.kommune.no
    Steinar Klokk, Einingsleiar barnehage, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no
    Lillian Urtegård, Avdelingsleiar BUAS, 95948039, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no

    Arbeidsstad

    Kyrkjevegen 62
    6230 Sykkylven

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

    Referansenr.: 5099634488
    Stillingsprosent: 50%
    Sommarjobb
    Søknadsfrist: 08.04.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Lillian Urtegård

    Avdelingsleiar BUAS

    95948039

    lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no

    Steinar Klokk

    Einingsleiar barnehage

    95972727

    steinar.klokk@sykkylven.kommune.no

    Ronny Utgård

    Avdelingsleiar eigedom

    90697788

    aino.aakeroy@sykkylven.kommune.no

    Aino Aakerøy

    HR-rådgivar

    91164532

    aino.aakeroy@sykkylven.kommune.no

    Om bedriften

    Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

    Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
    Sjå meir frå Sykkylven
     her

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7250be3c-86c1-4614-a00d-7ce8977ae3fd

    Sist endret

    23. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    23dcca4618244f8a9a9280f61d3b58b7

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser