Brannførebyggjar 100% fast
Alver kommune
Stølen 7, 5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Brannforebyggar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Om stillinga
Avdelinga for feiing og bustadtilsyn er ein del av Nordhordland Brann og Redning (NHBR), og er eit kommunalt samarbeid mellom kommunane Alver, Austrheim og Modalen, der Alver er vertskommune.
Feiing og bustadtilsyn søkjer no ein engasjert og dyktig brannførebyggjar som har fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT), og kan bidra til å styrke organisasjonen sitt HMT-arbeid. Du vil få ei viktig rolle i å sikre at alle rutinar og prosedyrar er i tråd med gjeldande HMT-standarder, og samstundes bidra til ein trygg og helsefremjande arbidsplass for våre tilsette.
Er du vår nye Brannforebyggjar, vil du bli ein del av eit lag som kvar dag arbeider for å gjere kvardagen trygg for våre innbyggjarar.
Om oss
Avdelinga vår har 4 engasjerte brannførebyggjarar og ein lærling, i tillegg til avdelingsleiar og merkantil støtte. Tilsaman har avdelinga ca 7 årsverk. Me har stor fridom til å styre arbeidsdagen vår sjølv, så du må trivast med ansvar for eiga framdrift og produksjon. Ansvarsområdet vårt strekkjer seg frå kystnære strok i Alver og Austrheim og vidare inn til Modalen og høgfjellet.
Arbeidsdagane våre er varierte, og dei fleste er i tettbygd strøk, med mange planlagde tilsyn eller feiingar. Andre dagar er me kanskje på veglause øyer og må bruke båt, eller me tek på oss fjellsko for å nå stølane og turlagshyttene, som ligg i høgfjellet i Alver og Modalen kommunar.
Avdelinga har eit sterkt fokus på tverrfagleg samarbeid internt i NHBR og med andre etatar i kommunen, som f.eks miljø og tilsyn, byggesak og helse.
Har du lyst å være med å vidareutvikle avdelinga vår? Då må du sende oss ein søknad så snart du berre kan. Og forresten; Kvar fredag er det felles trening saman med dei andre kjekke tilsette i Nordhordland Brann og Redning.
Arbeidsoppgåver
- Feiing og bustadtilsyn i kommunane Alver, Austrheim og Modalen
- Dokumentasjon og registrering i våre fagsystem (Komtek)
- Informasjon og haldningssakpande arbeid
- Intern og ekstern kurshaldar/instruktør i relevante emner
- Vedlikehald av utstyr og bilar
- Andre oppgåver som fell naturleg inn under stilling
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som brannførebyggar
- Erfaring med feiing og tilsyn
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utan fag/svennebrev eller med tilsvarande kvalifikasjon kan bli vurderte
- Kandidatar som ikkje tilfredsstiller kompetansekrava må pårekne tid til kurs for å få den naudsynte kompetansen
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- God digital forståing og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
Kven er du?
Eigenskapar me ser etter:
- Pliktoppfølgande, systematisk, robust og trivs med å yte god service, omgåast mennesker med ulike utfordringar i livet
- Tolmodig, engasjert, motiverande og positiv
- Kunne jobbe sjølvstendig men og trivast med samarbeid saman med kollegaer
- Fleksibel og løysingsorientert
- God på munnleg og skriftleg kommunikasjon
Me tilbyr
- Utfordrande, meiningsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente medabeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Løn og tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap, og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet.
Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og tek aktivt eit ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert alltid godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18, vert det stilt krav om uttømande politiattest etter politiregisterlova § 41
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
722731de-29b9-4363-91c0-86506c1202df
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266756
Lignende annonser
Helsefagarbeidar - 100%, Knarvik sjukeheim avd 1
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Hjelmås
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Frekhaug