Avdelingsleiar Leiknes skule
Alver kommune
Leknesvegen 117, 5915 Hjelmås
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Leiknes skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Frå 01.01.2026 er ei av våre to avdelingsleiarstillingar ved Leiknes skule ledig. Stillinga er 100% fast, og inneheld leiaroppgåver og oppgåver knytt til undervisning.
Leiknes skule er ein moderne fulldelt barneskule med om lag 170 elevar og 30 tilsette.
Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km frå Knarvik. Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å
nå visjonen vår: «Leiknes skule - meistring og glede i fellesskap.»
Skulen sine satsingsområde er klasseleiing, lesing og førebyggjande skulemiljøarbeid med vekt på endring- og
utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
Arbeidsoppgåver
Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø?
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og opplever fagleg og sosial meistring. I vårt engasjerte og kompetente leiarteam vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimane.
Vi leitar etter deg, som ønskjer varierte dagar, der du mellom anna :
- samarbeider tett med dei andre i skuleleiarteamet
- tar aktivt del i utviklingsarbeid
- har personalansvar på eiga avdeling
- har undervisningsrelaterte oppgåver
- jobbar for eit trygt og godt skulemiljø for elevane
- har oppfølging av læringsresultat og individuelt tilrettelagt undervisning
har ulike administrative oppgåver saman med resten av leiarteamet
Kven er du?
Du må ha:
- Undervisningskompetanse på 1.- 7. trinn og nokre års undervisningserfaring
- Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje deg godt, både skriftleg og munnleg.
- God kjennskap til opplæringslova og avtaleverket
Ønskjeleg at du har:
- leiarerfaring frå skule
- god kompetanse innan skulemiljøarbeid, klasseleiing og leseopplæring
- kunnskap og kompetanse kring ein inkluderande pedagogisk praksis
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er naudsynt å vere strukturert, fleksibel og løysingsorientert
med høg arbeidskapasitet . Å ha gode samarbeidsevne og vere ein positiv pådrivar er avgjerande. Som avdelingsleiar må ein ha evne til å byggje solide relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre.
Me tilbyr
- Eit fagleg dyktig kollegium
- Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
- Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dele kunnskap og utvikle deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gje deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7df128f-6431-4574-b2fa-89ee1db94e9b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265494