100% stilling som Helsefagarbeidar - Knarvik sjukeheim avdeling 1
Alver kommune
Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100%, Knarvik sjukeheim avd 1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Om stillinga
Bli ein del av vårt dyktige team på avdeling 1 - ei langtidsavdeling med plass til 30 pasientar!
Vi søkjer ein engasjert og kompetent medarbeidare som ønskjer å skape ein meiningsfull kvardag for pasientar med komplekse behov. Her vil du få moglegheit til å utvikle deg fagleg, samtidig som du bidreg til eit godt intern samarbeid til det beste for både pasientar og kollegaer.
Avdeling 1 er organisert i tre grupper, kor alle faggrupper samarbeider tett for å sikre best mogleg omsorg. Vi har ein dedikert og engasjert arbeidsstokk på alle gruppene, og vi legg stor vekt på å oppretthalde eit høgt nivå på fagleg kompetanse. Dette er essensielt for å sikre at pasientar og pårørande kjenner seg godt ivaretatt hos oss.
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Knarvik sjukeheim avdeling 1. Stillinga har todelt turnus, og arbeid kvar 3. helg. Dersom du ynskjer redusert stilling er det opning for dette.
Ved Knarvik sjukheim er det innført sjukepleieteam på kveld og helg. Det medfører at du som helsefagarbeider må utføre ein del prosedyrer/rutinar som sjukepleiar tidlegare har utført. Dette set krav til dine kunnskapar og ferdigheiter. Det blir gitt tilpassa opplæring etter eige program dersom du har behov for opplæring/repetisjon.
Arbeidsoppgåver
- Du gjev omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutine
- Kan få medansvar for legemiddelhåndtering
- Rådgjeving av elevar, lærlingar og kollegaer
- Samarbeid med pårørande, og med kollegaer på tvers av tenestane i kommunen
- Vere bevisst på rolla di som helsefagarbeidar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
- Jobbe aktivt for at pasientane får nytta eigne ressursar i ADL
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Bestått B2 for søkjarar med anna morsmål.
Kven er du?
Vi søkjer etter ein medarbeidar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Du arbeidar godt sjølvstendig, og er fagleg trygg og handlekraftig. Du har eit genuint engasjement for eldreomsorg og likar å hjelpe pasientar med komplekse helseproblem.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Trivelege og engasjerte kolleger i eit godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 204 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cf143bde-03d8-4a46-91ed-4913e86a06c2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264941