Interessert i teknologi og oppteken av menneske?
IKT - Tenesteleveranse - avdeling for IKT og digitalisering, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Likar du å jobbe med menneske, teknologi og er oppteken av brukaren vert nøgd?
Som leiar i tenesteleveranse for område Bergen sentrum/sør/vest/Sunnhordland har du ansvar for å sikre god IKT-støtte på dei vidaregåande skulane, tannklinikkar og andre fylkeskommunale mellom Bømlo i sør og Askøy i vest. Du vil samarbeide tett med dei andre regionleiarane og leiar for tenesteleveranse.
Er du ein som likar å vere i forkant og samtidig er oppteken av ny teknologi så kan det vere deg vi søkjer etter!
Faggruppa tenesteleveranse har ansvar for tenesteleveranseavtalar og tenestekatalog og at IKT leverer tenester i samsvar med desse. Tenesteleveranse er den største faggruppa i seksjonen med ca 45 IKT-konsulentar. Dei tilsette i faggruppa er plasserte på dei lokasjonane som brukarane er, og er i tett dialog med faggruppene service, systemdrift og kjernedrift. Faggruppa leverer òg 2. linjetenester direkte til brukarane.
Faggruppa tenesteleveranse har og ansvar for personleg IKT-utstyr og AV-utstyr, inkl. drift av løysingane.
Som ein del av faggruppa tenesteleveranse vil du ha ei viktig rolle i å utvikle fagområdet og sikre effektive og føreseielege leveransar for Vestland fylkeskommune. Du vil rapportere til leiar tenesteleveranse.
Arbeidsoppgåver
- Ha personalansvar for IKT-konsulentar i regionen
- Arbeide som IKT-konsulent i tillegg til å koordinere IKT-konsulentane og IKT/DE-lærlingane i regionen
- Handsame ressurs- og personell-behov i eigen region, samt på tvers av regionar. Dette skjer i samråd med dei andre regionleiarane, knytt til behov og ynskjer hos kunde og i samråd med leiar tenesteleveranse
- Ha oversyn over kompetanse og opplæringsbehov i regionen i relasjon til tenestekatalog
- Delta i fellesfora saman med dei andre regionleiarane
- Sette mål for og utvikle gruppa sine medarbeidarar inklusive lærlingar
- Bidra aktivt i den strategiske utviklinga av fagområdet
- Delta i aktuelle faglege fora og prosjektgrupper
- Bidra til å utvikle og etablere «beste tenester» knytt til tenesteleveranse gjennom kontinuerleg forbetring
- Bidra til å sikre heilskapleg, proaktiv kundeoppfølging som evner å sjå behov og løysingar på tvers av fag gruppene
- Reising må påreknast, og det er naudsynt med førarkort og bil
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule innan IKT eller tilsvarande. Krav til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkarar som har god og relevant praksis
- Høg kompetanse innan fagområda til tenesteleveranse tel positivt
- Erfaring frå koordinering av personell og/eller personalansvar tel positivt
- Erfaring med styring av underleverandørar og eksterne samarbeidspartnarar tel og positivt
- Erfaring frå leveransestyring og/eller prosjektkoordinering tel positivt
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
- Positiv, godt humør, kommuniserer tydeleg og flink i dialogen med menneske
- Evner å tenkje framover, vere proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
- Lojal og påliteleg
- Strukturert og god orden
Vi tilbyr
- Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement
- Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar
- Kontorplass Bergen sentrum
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Fagleg utvikling
Verdt å merke seg
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Marianne Hofstad Berentzen, leiar, 91185341Arbeidsstad
Lars Hilles gateBergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4724866632
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2492952
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ea3e6437f6c4082b04841545e6e8978