Psykologspesialist/ psykolog
Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/ psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
HABU søkjer psykologspesialist/psykolog i 100% fast stilling til innovativ og framtidsretta avdeling i Helse Førde.
Oppstart etter nærare avtale - gjerne så snart som mogeleg.
Vil du bruke psykologkompetansen din til å gjere ein forskjell for barn og unge – i eit fagmiljø som har rom for både utvikling, engasjement og livskvalitet?
Då ønskjer vi deg velkommen til Habiliteringstenesta for barn og unge i Førde – eit tverrfagleg miljø der fagleg styrke, samarbeid og nyskaping står sentralt.
Her får du varierte arbeidsdagar, trygg fagleg støtte og livskvalitet utan stress – med kort veg frå kontoret til fjord, fjell og kulturliv.
Vi legg til rette for at du kan fordjupe deg innanfor nevroutviklingsforstyrringar, og vi gir støtte til spesialisering dersom du ikkje allereie er psykologspesialist.
Hos oss møter du kollegaer med høg kompetanse og sterk vilje til å finne gode løysingar saman – til beste for barna og familiane vi følgjer. Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) er ein del av Avdeling for medisinsk fysikalsk rehabilitering (AMFR) i Helse Førde. Vi gir eit tverrfagleg tilbod til barn og unge frå null til atten år som har medfødd eller erverva funksjonsnedsetting eller utviklingsforstyrring.
Du blir del av eit engasjert team med lege, psykolog, ergoterapeut, fysioterapeut, vernepleier, spesialpedagog, sjukepleier og barnevernspedagog. Arbeidet er både poliklinisk og ambulant, og vi samarbeider tett med familiar, kommunar og andre instansar både internt i Helse Førde og eksternt. Gjennom arbeidet vil du få mogleigheit til å påverke utviklinga av habiliteringstenesta.
Er du klar for å gjere ein forskjell? Send oss ein søknad – vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Som psykologspesialist, vil du ha det overordna faglege ansvaret for utgreiing og behandling av psykologiske tilstandar hos barn og unge i målgruppa.
- Gjere kartlegging, diagnostisering og behandling av barn og unge i vår målgruppe
- Delta i utgreiing av autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming
- Formidle tilbakemeldingar og gi råd til foreldre, ungdom og samarbeidspartnarar
- Delta og bidra i intern og ekstern undervisning og rettleiing både individuelt og i grupper
- Vere ein aktiv deltakar i fagutvikling og tenesteutvikling i ein innovativ og lærande avdeling
- Ha ansvar/ delansvar for oppfølgingsarbeid ovenfor barn/unge i vår målgruppe og deira pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Ønskjeleg med klinisk erfaring med barn og unge i vår målgruppe og deira pårørande
- Ønskjeleg med kompetanse på utgreiing av utviklingsforstyrringar
- Ønskjeleg med relevant spesialisering for fagfeltet (me kan etter avtale bistå med spesialisering)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20 a
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg arbeid
- Er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
- God fagleg vurderingsevne
- Ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ivaretek eigne arbeidsoppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Moglegheit for spesialisering for psykologar
- Utdanningspermisjon for psykologspesialist i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling med høve til fordjuping
- Moglegheit for å leige bustad gjennom Helse Førde til kostpris
- Konkurransedyktig lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Tilgang til bedriftsidrettslag
- Gangavstand til Førde sentrum med rikt kulturliv, idrettsliv, kafear og konsertar
- Kort veg til vakker natur og friluftsliv heile året
- Ein innovativ og framtidsretta arbeidsplass i utvikling, tett knytt til Nye Førde sjukehus
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidslivsbedrift
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, (+47) 920 25 954Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5031812159
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Martha Thorsheim
Seksjonsleiar
(+47) 920 25 954
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7189b064-f908-40ac-a399-55ab26369712
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa25f6506b854505bd9ca42f0b44729b
Lignende annonser
Vernepleiar eller annan helse-/sosialfagleg bachelor
Arbeidsgiver
Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Førde
Sted
Førde
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
Sted
Førde