Vernepleiar, helsesjukepleiar, sosionom eller annan helse- eller sosialfagleg bachelor
Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar eller annan helse-/sosialfagleg bachelor
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Habiliteringstenesta for barn og unge har ledig 100% vikariat som vernepleiar, helsesjukepleiar, sosionom eller annan helse-/sosialfagleg bachelor.
Vikariatet er fram til 30.06.2026, med moglegheit for forlenging. 
Er du ein fagperson som trivst med å ta initiativ, arbeide sjølvstendig og bidra aktivt til utvikling av eigen arbeidsplass? Hos oss får du bruke fagkunnskapen din i eit engasjert tverrfagleg miljø, der vi saman skaper gode tenester for barn og familiar i Sogn og Fjordane.
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) er ein del av Avdeling for medisinsk, fysikalsk og rehabilitering i Helse Førde. Vi gir eit tverrfagleg tilbod til barn og unge frå null til atten år som har medfødd eller erverva funksjonsnedsetting eller utviklingsforstyrring.Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med lege, sjukepleiar, ergoterapeut, psykolog, vernepleiar, spesialpedagog, barnevernspedagog og fysioterapeut. Arbeidet er både poliklinisk og ambulant, og du samarbeider tett med familiar, kommunar og andre fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og oppfølging av pasientar i habiliteringstenesta si målgruppe
- Rettleiing til foreldre og kommunale samarbeidspartnarar, særleg ved adferdsutfordringar, miljøtilpasning og søvn
- Bistå kommunalt hjelpeapparat ved utforming av eventuelle tiltak knytta til Kapittel 9 i Helse- og omsorgstjenesteloven, samt uttale til Statsforvalteren
- Undervisning på interne og eksterne kurs i aktuelle tema
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Delta i prosjekt og utviklingsarbeid
- Noko ambulant verksemd må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar, helsesjukepleiar, sosionom eller annan relevant helse- eller sosialfagleg bachelorgrad
- Ønskjeleg med kompetanse innan målretta miljøarbeid, tiltaksarbeid, autisme, psykisk utviklingshemming og intervensjon ved utfordrande åtferd
- Førarkort klasse B
- Tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20 a  
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Tek ansvar for eigen arbeidskvardag og trivst med sjølvstendig arbeid
- Er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg team
- Er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til vidare utvikling av tenesta
- Kommuniserer tydeleg og formidlar godt, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og utviklingsorientert miljø
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fast arbeidstid frå klokka 08.00 til 15.30, med fleksitid
- Fagleg og personleg utvikling i eit tverrfagleg fellesskap
- Ein innovativ og framtidsretta arbeidsplass i utvikling, tett knytt til Nye Førde sjukehus
- Moglegheit for å leige bustad gjennom Helse Førde til kostpris
- Tilgang til bedriftsidrettslag
- Gangavstand til Førde sentrum med rikt kulturliv, idrettsliv, kafear og konsertar
- Kort veg til fjord, fjell og friluftsliv heile året
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, (+47) 920 25 954Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5031820623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Martha Thorsheim
Seksjonsleiar
(+47) 920 25 954
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 1e570000-cb19-40d7-a24c-a858ecfbc23b 
- Sist endret
- 29. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 3038c29964ac47be83f4d995a3e9fab1 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Sted
Førde
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Sted
Førde
Psykologspesialist/ psykolog
Arbeidsgiver
Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Førde
Sted
Førde