Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 10 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.
I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sykehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.
Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit
Vi har ledig:
- 1 x 100% fast stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Startdato: etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost, arbeid i ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Gi psykiatrisk pleie og omsorg
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
- Ta del i oppgåver som ligg til seksjonen
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonar
- Norsk fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Relevant vidareutdanning og/eller erfaring blir vektlagd
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 577 14 331Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5031888302
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Marianne Engh Strandos
Seksjonsleiar
(+47) 577 14 331
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7e4419cf-3661-40e0-86ee-458fe5d61504
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
85077c8fadad4d818172888c29ff5edc
Lignende annonser
Arbeidsgiver
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Sted
Førde
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Nevrologi- og rehabilitering sengepost, Helse Førde
Sted
Førde
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter
Sted
Førde