Sjukepleiarstillingar
Nevrologi- og rehabilitering sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Vi lyser ut følgjande stillingar:
- 3 faste stillingar for sjukepleiarar
- 2 årsvikariat for sjukepleiarar
Oppstart: snarast eller etter avtale
Nevrologi- og rehabilitering sengepost held til i det nye og flotte LIVA-bygget som vi flytta inn i hausten 2024. Her har vi 26 einerom med moderne fasilitetar.
Sengeposten vår består av 13 nevrologisenger, der to av desse er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og har i dag 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan mange ulike fagfelt, spesielt nevrologi og rehabilitering.
Frå november 2025 vil også 5 medisinske senger bli lokalisert hjå oss, noko vi ser fram til og som passar godt inn med dei pasientgruppene vi har i dag.
Har du erfaring eller ønske om å jobbe med desse fagområda, håper vi du tek kontakt.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar.Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, deltaking på legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
- Dokumentasjon i elektroniske journalsystem som Dips, Meona og Imatis
- Delta i tverrfaglege team rundt pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Bidra til undervisning og rettleiing.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert i arbeidet ditt.
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø,
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376, sirianne.pidic@helse-forde.noIda Kverhellen Steindal, Assisterande seksjonsleiar, (+47) 417 67 265, ida.kverhellen.steindal@helse-forde.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5009747688
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ida Kverhellen Steindal
Assisterande seksjonsleiar
(+47) 417 67 265
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cb131990-a2b0-4ce4-a338-aa9e7c594356
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba393461d20242b39cefb895286e1ad6