Overlege - Nevrologi
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege - Nevrologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Vi søkjer engasjert og fagleg sterk overlege til 100 % fast stilling ved nevrologisk seksjon.
Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR), og har ansvar for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med eit breitt spekter av nevrologiske sjukdomar.
Du vil bli del av eit kompetent og tverrfagleg team med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette.
Hos oss får du høve til å bidra til vidare utvikling av seksjonen og ta del i både pasientbehandling, fagutvikling og undervisning. Det vil òg vere moglegheit for å delta i planlegging og førebuing knytt til oppstarten av Vestlandslegen, der medisinstudentar frå Universitetet i Bergen skal ha delar av studiet sitt i Helse Førde frå og med 2028 (les gjerne meir på Vestlandslegen kjem til Førde. )
Vi har eit aktivt og stimulerande fagmiljø med fokus på kvalitet, tryggleik og kontinuerleg læring.
Oppstart i stillinga er sett til 01.12.2025, men kan ved behov utsetjast til 01.01.2026.Arbeidsoppgåver
- Diagnostisering og behandling av pasientar med nevrologiske tilstandar både i akutt- og elektiv verksemd
- Delta i 6-delt bakvaktordning (aktiv tid til kl.19.00 kvardagar, kl. 10.00-16.00 helg og heilagdagar)
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og undervisning
- Rettleiing av LIS-legar og på sikt studentar
- Delta i forskings- og utviklingsarbeid ved interesse
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialisering i nevrologi (legar med nært foreståande fullført spesialisering oppmodast til å søke)
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø
- Strukturert, sjølvstendig og fagleg trygg
- Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
- Engasjert og med pasienten i fokus
- Interesse for fagutvikling og kontinuerleg læring
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar, Overlege, elin.seim@helse-forde.noArbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5020500713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
368fce7b-c900-4e76-b3c2-bb8efcf32a68
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09d7de190b214de4b1727d247ee21d73