Hopp til innhold

Fagsjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceklinikk/ hovud-hals, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Fagsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg.

Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi.

Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar. 
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. 

Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid
  • Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Utarbeiding og oppdatering av aktuelle prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar
  • Delta i den daglege drifta
  • Kontaktperson opp mot leverandørar
  • Bestilling/handtering av utstyr
  • Andre oppgåver kan også vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Spesialutdanning innan fagfeltet operasjon
  • Interesse for fag og fagutvikling
  • God IKT kompetanse
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre
  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er intressert i faglege prosjekt
  • Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god
  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Eige program for nytilsette
  • Store faglege utfordringar
  • Dyktige medarbeidarar
  • Aktivt miljø
  • Lønn etter tariff

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5119071933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Lisbeth Viken Aasarmoen

Seksjonsleiar

55 97 06 51

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6f04ac67-78f9-48ef-a63d-b380842991fd

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1d61d8a7d73a4557b8085145205fdef2

Lignende annonser

Laster lignende annonser