Hopp til innhold

Bli vår nye konsulent på EPJ-senteret

Arbeidsgiver

EPJ-senter, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du bli ein del av vårt engasjerte team på EPJ-senteret?

EPJ-senteret held til på Berg-senteret på Raglamyr, som ein del av avdeling for Helsedata. Vi jobbar ut mot alle lokasjonane i Helse Fonna for å sikre heilskapen i arbeidsprosessar på tvers av systema våre. Senteret har eit fagleg ansvar for oppgåver knytt til bruk av elektronisk pasientjournal og tilhøyrande applikasjonar.

Mykje av arbeidet skjer regionalt med tett samarbeid med dei andre helseforetaka og private helseinstitusjonar i Helse Vest. EPJ-senteret er representert i mange  ulike regionale prosjekt og grupper der løysingar blir diskutert på tvers av helseforetaka. 
Noko reiseaktivitet må påreknast.

Vi har eit sterkt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på samhald og fagleg utvikling.

Vi har nå eit ledig vikariat frå snarast og til 31.03.2027. Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til å søkje!


Kva går jobben ut på?

  • Optimalisering og forvalting av kliniske fagsystem
  • Systemansvar for pasientdatasystem som brukes i Helse Fonna
  • Prosjektdeltaking
  • Brukarstøtte og undervisning
  • Kvalitetsforbetringsarbeid
  • Rapportering til styresmakter, eigar og leiing i føretaket

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Sjukapleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kompetanse på dei elektroniske pasientsystema som brukes i Helse Fonna er ønskeleg
  • Interesse for systemarbeid i kliniske system
  • Prosjekterfaring er ein fordel
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein strukturert, systematisk og ansvarsbevisst medarbeidar som kan løyse problemstillingar på eige initiativ
  • har gode kommunikasjonseigenskapar, skriftleg og munnleg
  • kan jobba sjølvstendig og i team og prioritere oppgåver etter behov
  • har gode samarbeidsevner
  • er tydeleg og løysingsorientert
  • er serviceinnstilt
  • har evne å sjå heilskap i arbeidsprosessar på tvers av system

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Vi tilbyr

  • Ein interessant og utviklande arbeidsplass som har tverrfagleg kompetanse og høge ambisjonar
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for utvikling innan eit bredt spekter av teknologi og tenester
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktinformasjon

Elin Ulsund Hansen, Leder EPJ-senteret, 97540658, elin.ulsund.hansen@helse-fonna.no
Åse Lervik Steine, Avdelingsleiar - Avdeling for Helsedata, 95132350, ase.lervik.steine@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5094716896
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Åse Lervik Steine

Avdelingsleiar - Avdeling for Helsedata

95132350

ase.lervik.steine@helse-fonna.no

Elin Ulsund Hansen

Leder EPJ-senteret

97540658

elin.ulsund.hansen@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6eaca2a0-6264-4572-9a5d-ade2cb77d6da

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

638c7fb026964f1282abb38ac7ce3f1a

Lignende annonser

Laster lignende annonser