Rekneskapssjef – Fagansvar for rekneskap og innkjøp
Gol kommune Økonomiavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Vil du vere med å forme framtidas økonomifunksjon i Gol kommune? Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert rekneskapssjef som vil ha hovudansvaret for rekneskap og innkjøp – og som brenn for kvalitet, effektivisering og digital utvikling.
Om stillinga
Som rekneskapssjef får du eit breitt og viktig fagansvar for kommunens rekneskaps- og innkjøpsfunksjon. Du vil vere ein nøkkelperson i økonomiavdelinga, med ansvar for etterleving av regelverk, opplæring i system og rutinar, og utvikling av gode prosessar. Vi ser etter deg som ikkje berre held orden i tala, men som også ser moglegheiter for forbetring og tek initiativ til å realisere dei.
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg ansvar for kommunens rekneskap og innkjøp
- Sikre etterleving av kommunelova, GKRS og offentleg regelverk
- Opplæring og rettleiing i økonomisystem og innkjøpsrutinar
- Utarbeiding og kvalitetssikring av årsrekneskap og rapportar
- Vidareutvikling av rutinar, internkontroll og prosessforbetring
- Økonomisk rådgjeving og støtte til leiarar og fagmiljø
- Samarbeid med revisor og eksterne partar
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon.
- Sterke analytiske ferdigheiter og god systemforståing.
Vi ønskjer at du:
- Har erfaring frå rekneskapsarbeid, helst frå offentleg sektor
- Har god kjennskap til kommunalt regelverk og økonomisystem
- Har erfaring med digitalisering og utviklingsarbeid
- Er analytisk, strukturert og løysingsorientert
- Er sjølvstendig og initiativrik
- Har gode samarbeidsevner og formidlingsevne
- Er nysgjerrig og utviklingsorientert
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Ei nøkkelrolle i eit kompetent og framtidsretta økonomimiljø
- Moglegheit til å påverke og utvikle kommunens økonomifunksjon
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Fagleg rettleiing og moglegheit for vidare utvikling.
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og tilsetjing i samsvar med gjeldande avtaleverk (arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og Hovudtariffavtale)
- Gratis tilgang på treningssenter.
Praktisk informasjon
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- Vitnemål og attestar legg du ved søknaden
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e450226-2ee9-4268-ac59-691ace25a34e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3536899_177435_nn