Saksbehandlar
Om Kartverket
Sandvikevegen 9, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Saksbehandlar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Om stillinga
Kartverket er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalda nasjonalgeografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeida med kommunar, statlege organ og private aktørar.
I vakre Hardanger, med fjord og fjell som ramme, ligg Kartverket sitt kundesenter i Kinsarvik. Her møter du eit dedikert team som er fyrste kontaktpunkt for alle som treng hjelp med eigedomsinformasjon, tinglysing eller kartdata. Kundesenteret er kjent for høg kvalitet og rask respons, og har som mål å yte god service til både privatpersonar og profesjonelle aktørar. I tillegg til å vera kundesenter har me også ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar.
Med rundt 45 medarbeidarar er kundesenteret ein viktig del av Kartverket si nasjonale teneste, og leverer løysingsorientert service til heile landet. Digitale verktøy er kvardagen vår. Dei fleste tenestene våre er digitale, eller i ferd med å bli digitalisert. Kundane tek i hovudsak kontakt via telefon, medan andre vel chat eller e-post.
Kartverket Ullensvang har no ledig inntil to faste stillingar og inntil tre vikariat i 2026 som saksbehandlar. Kanskje du blir ein av oss?
Arbeidsoppgåver
- Arbeide på kundesenteret og svare på førespurnadar som kjem inn via telefon, chat og e-post.
- Andre oppgåver kan også bli pålagt
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning på bachelornivå eller høgare innan juridiske fag, samfunnsfag, eigedom, IT eller annan relevant studieretning.
- Utenlandsk utdanning må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Erfaring frå relevant arbeidsfelt, minimum 3 år, kan vege opp for manglande formell utdanning
- Det er positivt om du har erfaring fra kundesenter eller kundebehandling.
- Gode kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg, på norsk
- Forståing for, og god bruk av, digitale verktøy og tenester
- Kommuniserer klart og effektivt - Du formidlar bodskapen din godt, både skriftleg og munnleg, og tilpassar deg ulike målgrupper
- Du trivst med å utforske nye område og tileigne deg kunnskap som styrkjer kompetansen din
- Samvitsfull og påliteleg
- Leverer med kvalitet og driv - du har god gjennomføringsevne og sikrar at arbeidet held høg standard
- Byggjer sterke relasjonar - du trivst med å skape samhald, og du veit korleis du vedlikeheld eit godt og profesjonelt nettverk
- Opprettheld ei positiv og løysingsorientert haldning, sjølv i hektiske og krevjande situasjonar
Me tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som førstekonsulent eller rådgivar, kode 1408 eller 1434, frå kr 530 000,- til kr 600 000,- etter kvalifikasjonar
- Gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer me stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Me trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set me brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Me har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar. Me i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale, produkt og tenester.
Våre ambisjonar på vegne av Noreg er store. Me er over 800 stolte kartverkstilsette som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal verta leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart me tildelt den prestisjefylte “Bedre Stat”-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Vår jobb er å gjere det enkelt å samle, bearbeide og dele stadfesta informasjon.Våre data spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og for å finne svar på framtidas klimautfordringar.
Me er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Me har 13 kontorstadar frå sør til nord, samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Me treng stadig fleire på laget. Kanskje du vert ein av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e200e50-b7ff-419e-b8aa-3df155e99f3a
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273398
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik legekontor
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik