Hopp til innhold

100% fast stilling som ergoterapeut ved Ergo- og fysioterapitenesten

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Ergo- og fysioterapiteneste

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

100% fast stilling som ergoterapeut i Ullensvang kommune 

Me tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø saman med andre ergoterapeutar og fysioterapeutar, og i tett samarbeid med andre kommunale tenester. 


Ullensvang kommune arbeider for å skape bærekraftige, framtidsretta og heilskaplege tenester med brukaren i fokus. I tillegg til rehabilitering og klinisk verksemd, skal tenesta fokusere på helsefremjande og førebyggjande tiltak. 


Tenesta har avdelingar i Odda, Kinsarvik, Lofthus, Utne og  Jondal. Oppmøtestad vil vere i Odda. Oppgåver og arbeidsområde innad i kommunen vil kunne variere etter behovet i tenesta. Du vil arbeide med brukarar i alle aldrar: born, vaksne og eldre. 


Me har ledig inntil 100% fast stilling frå 01.06.2026.

 

Arbeidsoppgåver 
  • Kartlegging, funksjonstrening og tilrettelegging i møte med ei variert brukargruppe.

  • Rettleiing og rådgjeving til brukarar, pårørande og andre fagpersonar.

  • Habilitering/ rehabilitering i samarbeid med andre kommunale tenester t.d. skule/barnehage, heimetenester, helseinstitusjonar, etc.  

  • Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbrukarar, og på systemnivå

  • Formidling, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel

  • Tilrettelegging og tilpassing av bustad og omgjevnadar

  • Førebyggjande og helsefremjande arbeid på systemnivå og til ulike brukargrupper t.d. informasjonsformidling, universell utforming, grupper etc. 

  • Delta i kvalitets- og fagutvikling ergo- og fysioterapitenesta, og i andre kommunale tenester ved behov. 


Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenesteytarar og i spesialisthelsetenesta. 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og ta ansvar i drifta av tenesta. 

  • Profesjonell, positiv og engasjert i møte med pasientar, kollegaer og andre samarbeidspartar.  Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov. 

  • Motivert for å driva utviklingsarbeid i tenesta, og ha interesse for framtidsretta tenesteyting. 

  • Evne til fleksibilitet, og å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo. 

  • Det er forventa at ergoterapeuten arbeider kunnskapsbasert og held seg jamleg fagleg oppdatert.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. 

 

Kvalifikasjonar 
  • Offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon.

  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.

  • Grunnleggjande datakunnskapar. Aidn, KS Hjelpemiddel og Physica vert nytta som fagsystem.

  • Fordel med relevant erfaring frå kommunehelsetenesta.

  • Førarkort klasse B.

  • Politiattest vert kravd før tilsetjing, jmf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4


Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver. 

  • Fleksible arbeidsdagar.

  • Flotte kollegaer i eit kjekt fagmiljø.

  • Mogelegheit til å utvikle tenesta og nye tilbod. 

  • Løn etter hovudtariffavtalen.

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Velkomen som søkjar på stillinga! 


Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Randi Rønhovde Opheim

+47 98805141

randi.opheim@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9662ca29-f7ed-4b3f-9135-99b5a82365dd

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3605321_193161_nn

Lignende annonser