Hopp til innhold

Etterforskar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Strandgata 2, 6415 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Etterforsker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Molde politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga.

Molde og Romsdal byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter, i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Molde? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som evnar å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • etterforskingsoppgåver
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • kriminalvakt/publikumsmottak
  • samarbeid i grupper ved etterforsking av både større og litt mindre saker
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
  • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
  • mogleghet for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning)
  • delta i aksjonar i regi av eigen seksjon eller som bistand til andre avsnitt/seksjonar
  • kan blir pålagd andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • erfaring frå etterforsking utover PHS
  • etter- og vidareutdanning innanfor etterforsking
  • anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • ønskjer fagleg utvikling og bidreg til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
    politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.

Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.

Kontaktperson for stillingen

Terje Nerland

Seksjonsleiar

+4747975370

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e020fc4-85ea-49ee-938a-079bbb185953

Sist endret

1. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302064

Lignende annonser

Laster lignende annonser