Hopp til innhold

Inndragingsspesialist

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Strandgata 2, 6415 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Inndragingsspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 25. august

Om stillinga

Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling som inndragingsspesialist. I denne stillinga vil du vere ein ressurs og pådrivar i politidistriktet for å utnytte potensialet som ligg i inndraging. Inndraging brukast aktivt for å inndra utbytte frå kriminelle handlingar, slik at kriminalitet ikkje skal lønne seg. 

Arbeidskvardagen vil bestå av metodeutvikling, opplæring så vel som praktisk arbeid i saker retta mot inndraging av verdiar. Som inndragingsspesialist høyrer du til eit profesjonelt fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, og vil ha ansvar og arbeidsoppgåver i heile politidistriktet. Ein viktig del av jobben er å drive opplæring og rettleiing i politidistriktet. Du må pårekne noko reiseaktivitet, men evnen til å samhandle digitalt er viktig.

Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet er organisert ved seksjon for spesiell etterforsking, under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad for stillinga er ved politihuset i Molde eller i Ålesund.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer deg som er initiativrik, sjølvstendig og som har god gjennomføringsevne. Du fungerer godt i eit travelt arbeidsmiljø, og har evne til omstille deg og vere allsidig for å kunne bistå med dei andre arbeidsoppgåvene ved seksjonen. Har du også interesse og evne til å utvikle og motivere andre medarbeidarar innan fagfeltet kan dette vere rette stillinga for deg. Personleg eignaheit, motivasjon for stillinga og fagleg kompetanse vil bli vektlagt.


Arbeidsoppgåver

  • fag- og metodeansvar for inndraging
  • gi råd og rettleie i spørsmål og oppgåver knytt til inndraging og sikring av verdiar
  • medverke til generell kompetanseheving i politidistriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram 
    i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA)
  • halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking
  • samarbeide med relevante aktørar som til dømes Økokrim
  • utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan økonomisk kriminalitet, og i andre saker som er lagt til seksjonen
  • tilrettelegge for og utføre finansielle analyser ved eige avsnitt og som bistand til andre einingar
  • bidra til seksjonen si totale oppgåveløysing etter behov og kapasitet

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført Politi(høg)skule
  • brei etterforskarerfaring og minst tre års erfaring frå politiet
  • god fenomenforståing og kunnskap om etterforsking og inndraging
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap om og erfaring med bruk av politiet sine straffesaks- og etterretningssystem
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar om deg frå registra til politiet til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent må ein i tillegg ha minst tre års erfaring frå etterforsking innan fagfeltet økonomisk kriminalitet, og relevant vidareutdanning innan etterforsking og/eller erfaring frå tverretatleg samarbeid.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå etterforsking av økonomisk kriminalitet
  • erfaring frå samarbeid på tvers av etatar, distriktsgrenser og/eller profesjonar
  • erfaring frå opplæring- og undervising
  • relevant vidareutdanning i etterforsking, til dømes "Inndragning og pengespor", "Veiledningspedagogikk modul 1", og "Videreutdanning innen etterforskning (VEF)" frå PHS
  • kunnskap og forståing for politiet sin primærstrategi kriminalitetsførebygging

Personlege eigenskapar

  • initiativrik med god evne til å arbeide sjølvstendig
  • resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • gode evner til samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • evne til og interesse for å motivere og drive utvikling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • meiningsfulle oppgåver for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • fast stilling som politiførstebetjent (stillingskode 0285), med brutto årslønn frå kr. 650 000 til kr. 720 000 eller som politioverbetjent (stillingskode 0287) med brutto årslønn frå kr. 680 000 til kr. 760 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og  tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • gode arbeidsvilkår som dagtid, fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida 
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Marius Haugland Martinsen

Avsnittsleiar

+47 41 52 38 62

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03c3358d-568f-40d3-9143-06c96bdd867c

Sist endret

12. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305410

Lignende annonser

Laster lignende annonser