Hopp til innhold

Avdelingsleiar for fellesfag

Arbeidsgiver

OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar for fellesfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 500 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. 
Vi søkjer etter ein avdelingsleiar i 100% fast stilling. 

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåver vil vere å leie ei avdeling, med personal-, økonomi- og pedagogisk ansvar.

Eksamensansvarleg for skulen

Delta i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule.
Erfaring med administrative program som Elements og InSchool
Det er ønskjeleg med skuleleiarutdanning og/eller -erfaring
God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Du har godt humør, ei positiv innstilling og skapar gode relasjonar
Du er kreativ og løysingsorientert
Du arbeider målretta og systematisk
Du er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 

Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Tett kollegasamarbeid og god delingskultur 

Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap 

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, rektor                        , 97737676

Arbeidsstad

Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5139685088
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Magnhild Hakestad

rektor

97737676

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6deb646d-c3d3-4c56-8f74-0b2209dc80c5

Sist endret

3. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

633052e0514c44ee93f01b82e9c4a82f

Lignende annonser

Laster lignende annonser