Systemforvaltar
Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Systemforvaltar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune legg til rette for god journalføring- og arkiveringspraksis i heile organisasjonen. Vi søkjer no ein strukturert og serviceinnstilt systemforvaltar med ansvar for forvaltning, feilretting og vidareutvikling av sentrale digitale fellessystem i Vestland fylkeskommune. Dette gjeld særleg sak‑ og arkivsystemet Elements, men stillinga omfattar også vår forvaltning av Altinn og integrasjonar til våre fagsystem. Du vil inngå i eit lite team av systemadministratorar, og du får samarbeide tett med både interne fagmiljø og eksterne systemleverandørar. Stillinga er ledig omgåande, med oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
- forvaltning, feilretting og vidareutvikling av system og integrasjonar, særleg knytt til Elements og Altinn
- vere bindeledd mellom fagmiljø, IT, arkiv, personvern og leverandørar
- andrelinje brukarstøtte og bidra til opplæring, rettleiing og god bruk av systema i organisasjonen
- testing, oppfølging og innføring av systemoppgraderingar og ny funksjonalitet
- bidra til vidareutvikling og implementering av funksjonalitet, rutinar og fellesløysingar
- bidra i digitaliserings‑, utviklings- og standardiseringsarbeid
- lokal systemadministrator KS Fiks og eInnsyn
- andre oppgåver knytt til eininga sine ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Du har:
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- god systemforståing og interesse for digitale løysingar
- evne til å setje deg raskt inn i nye fagområde, system og prosessar
- gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- interesse og erfaring med samarbeid på tvers
Det er ønskjeleg at du har:
- teknisk kompetanse
- kjennskap til sak-arkivsystem og Altinn
- erfaring frå system- og kvalitetsarbeid
- kjennskap til dokumentforvaltning og aktuelt lovverk
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er kompetent, open og modig.
Vi søkjer deg som:
- har teknisk kompetanse, god systemforståing og interesse for digitale løysingar
- arbeider strukturert og nøyaktig, og har god gjennomføringsevne
- er serviceinnstilt og løysingsorientert, med gode samarbeidsevner
- evnar å sjå heilskap og samanhengar i system og arbeidsprosessar
- er sjølvstendig og komfortabel med å prioritere og ta nødvendige avgjerder
- tek initiativ, likar ansvar og er trygg i rolla som fagleg rådgjevar
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- høve til heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- stillingskode spesialkonsulent, teknisk fagstilling eller rådgjevar etter utdanning og VLFK sine retningslinjer
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6dc93ccd-ef28-4a46-a55d-772528defe82
- Sist endret
23. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
460671943