Hopp til innhold

Lærling i helsearbeidarfaget, Voss sjukehus

Arbeidsgiver

Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i helsearbeidarfaget, Voss sjukehus
Oppstart
12. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Pasientar og pårørande skal bli møtt med respekt, tryggleik og kvalitet. Helse Bergen, Voss sjukehus søker frå hausten 2026, 1-2 motiverte og entusiastiske lærlingar i helsearbeidarfaget.

Vi har lang tradisjon og god erfaring med opplæring og utdanning av helsepersonell i sjukehuset.

Det er mange grunnar til å velje læreplass ved Voss sjukehus: Du får arbeide i eit spennande og allsidig miljø med mange læringsmoglegheiter der du blir godt ivaretatt. Våre dyktige instruktørar gir deg tett og individuell oppfølging. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø. Kvar dag er unik!

Som lærling skal du arbeide ved ulike avdelingar ved Voss sjukehus. Du er ein viktig del av teamet rundt pasienten.

Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål/utskrift av karakterar siste halvår, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar. Dette kan vera arbeidgjevar, lærar, rettleiar i praksis.

Det er også lyst ut stillingar ved Haukeland universitetssjukehus.

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk observasjon og vurderingav endra tilstand hos pasientar
  • Dokumentasjon og rapport
  • Yte heilskapleg omsorg og pleie til pasientar og ivareta pårørande
  • Tverrfagleg  samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald i sjukehuset
  • Opplæring i prosedyrar og oppgåver knytt til pasientar
  • Utføre læringsaktivitetar tilpassa kompetansemåla i læreplanen
  • Dokumentere fagleg utvikling i kompetanseplan  

Kvalifikasjonar

  • Bestått VGI Helse- og oppvekstfag
  • Bestått VGII Helsefagarbeidar
  • Meistrar norsk godt skriftleg og munnleg
  • Alle attestar, vitnemål og karakterar, skal leggast ved søknaden. Søkjarar som avsluttar skolegang i 2026 sender ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdf (ikkje skjermbilete eller foto). Dokumenta må vera lesbare
  • Søkjarar med bustad i Voss og omegn kan bli føretrekte

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
  • Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
  • Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Arbeidstid: Turnus, to (dag- og kveldsvakter) - eller tre delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 3.helg
  • Løn etter tariff for lærlingar
  • Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, rettleiing, fagleg og personleg oppfølging
  • Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
  • Eigne fagdagar for lærlingar
  • Rettigheiter og plikter som andre tilsette i sjukehuset
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Moglegheit for vidare arbeid som helsefagarbeidar i sjukehuset


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merete Hefte, adm. og fagleg leiar, 99746231
Åse Anbjørg Grøthe, fagleg leiar, 99295318

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5071688799
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 23.07.2028
Søknadsfrist: 22.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6d7ed276-2e27-4c9f-9c1a-9c30ee77a6d0

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2da7fea8b3ef4517a3b7bea58757d92d

Lignende annonser

Laster lignende annonser