Sjukepleiar
Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 20. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. januar
Har du lyst å bli ein del av vårt flotte og engasjerte team på Kirurgiske poliklinikker? Vi er ein stadig veksande seksjon med fokus på høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø, og vi håper du vil bli ein av oss!
Kirurgisk avdeling ved klinikk SNR har ledig ei fast 100 % stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar tredje helg på sengepost (17,6 %) med like fagområder.
Etter at vi har flytta inn i nytt og moderne sjukehusbygg, ligg alt til rette for at vi får yte effektiv og god pasientbehandling.
Som sjukepleiar på vår poliklinikk blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeidar i team med andre faggrupper. Vi behandlar pasientar henvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan kirurgi, urologi, ortopedi, gastro, plastikk og gynekologi. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar. I tillegg har vi sjukepleiarar med spisskompetanse innan stomioppfølging, sårbehandling og urologi som gjennomfører eigne polikliniske konsultasjonar. Ved sengeposten får du samme pasientgrupper som du har på poliklinikken, og i fleire tilfelle får du følgje pasientane gjennom dei ulike forløpa.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje!
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Tilsetting snarast etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Assistere legar i undersøkingar og behandling av pasientar
- Sjølvstendig sjukepleiarpoliklinikk
- Dokumentasjon
- Legemiddelhandtering
- Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring fra kirurgiske fag er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
- Du er ansvarsbevisst
- Du er engasjert og lærevillig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø
- Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303Arbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5061346070
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.04.2026
Søknadsfrist: 22.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Ida Gule
Seksjonsleiar
+47 95940303
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d6018b7-7fa0-4e51-9c8a-c79ad0b15c2c
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0f1609fee4145f598c2153d0b0d3dea
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Arbeidsgiver
Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset