Hopp til innhold

Politioverbetjent med funksjon som innsatsleiar

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Hafstadvegen 51, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Innsatsleiar i Sogn og Fjordane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Om stillinga

I Vest politidistrikt ved geografisk driftseining Sogn og Fjordane (GDE SF) er det ledig ei eller fleire stillingar som politioverbetjent (0287) med funksjon som innsatsleiar.

GDE SF er organisert i dei tre politistasjonsdistrikta Sunnfjord, Sogn og Nordfjord, og seksjon for etterforsking og etterretning. Pr. i dag er det ledig fast stilling knytt til Sunnfjord/Førde politistasjon, men i rekrutteringsprosessen kan det oppstå andre faste/vikariat som vert aktuelt å tilsette i.

Innsatsleiar er politiets øvste leiar på taktisk nivå, på eller ved staden, i politioppdrag der politiinnsats er nødvendig. Innsatsleiar skal leie og koordinere alle ressursar i innsatsområde, inkludert politiets eigne og ev. andre aktørar/etatar som deltek. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi treng deg som er dyktig i relasjon med andre. Som innsatsleiar skal du leie og motivere andre til å løyse oppdrag på ein god og strukturert måte.

Saman med fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet, treng vi deg som opptrer profesjonelt og fungerar som ein god ambassadør for politiet. Din evne til å være trygg, lydhør og å bygge tillit til involoverte partar og samvirkeaktørar er avgjerande for suksess i vår organisasjon.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta politidistriktets behov for døgnkontinuerleg innsatsleiing i driftseininga
  • Planlegge, leie, koordinere og kvalitetssikre operative aksjonar og arrangement
  • Delta i beredskapsplanlegging (PBS-III), herunder planlegge og gjønnomføre øvingar
  • Aktiv samarbeidspart i operative forum internt og eksternt
  • Mediekontakt ved operative hendingar
  • Planlegge og gjennomføre defuse/debrief etter oppdrag og alvorlege hendingar jf. PBS
  • Inngå i eininga sin grunnbemanning på vakt og beredskap
  • Utanom innsatsleiaroppdraga skal IL ivareta rolla som arbeidsleiar ved å:
    • Planlegge tilgjengeleg bemanning og ressurssette prioriterte gjeremål
    • Drifte dagleg teneste i samhandling med leiinga i GDE-en, OPS og FSI
    • Bidra til at førebyggende arbeid er politipatruljens hovedstrategi
    • Bidra til god etterforsking og politiarbeid på stedet (PPS)
    • Bidra til helse, miljø og tryggleik, og kvalitetssikra HMS i tenesteutøvinga  jfr. politidistriktets HMS-regelverk
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Bestått politi(høg)skole
  • Tilfredsstille kompetansekrav for pb3 og minimum 5 år relevant erfaring frå fagfeltet
  • Brei politioperativ bakgrunn og erfaring, herunder PPS-arbeid
  • Godkjent utrykkingssjåfør og IP4-godkjent, eller kvalifisert og villig til å bli det
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
  • Kunne klarerast for HEMMELEG i samsvar med sikkerheitslova
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Relevant erfaring og utdanning i leiing blir vektlagd
  • Erfaring frå førebyggade politiarbeid og etterforsking er ein fordel
  • IP3-bakgrunn og operativ leiarerfaring er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å tenke klart og leie andre i hektiske situasjonar
  • Evne til å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjersler
  • Utviklingsorientert med evne til å sette retning og drive kontinuerleg utvikling
  • God på kommunikasjon og relasjonsbygging, der ein motiverar og skapar resultat i samhandling med andre

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas polititenester
  • Stillinga vert lønna som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som innsatsleiar med årslønn: frå kr. 800.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
  • Gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og utvikle deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV

Seksjon for HR

207.HR@politiet.no

Terje Jan Løland

Politistasjonssjef

+4799289931

terje.loland@politiet.no

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6d4791c3-e4a3-49f9-b78c-70596785ccb6

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293671

Lignende annonser

Laster lignende annonser