Kjøkenassistent
Hareid kommune, Kjøken
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkenassistent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 33%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
Arbeidsoppgåver
Som kjøkenassistent tek du deg av oppvask, reinhald i henhold til kjøkenet sine rutiner, matservering til bebuarane og blant anna enkel tillaging og pakking av mat.
Erfaring frå kjøken eller kantinedrift kan vere ein fordel. Du får god opplæring.
Arbeidstida vil vere både på dagtid og kvar tredje helg.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Kvalifikasjonar
- interesse for mat og gode hygienerutinar
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Vi legg vekt på at du er godt eigna til jobben.
Det er krav om politiattest for alle som arbeider i helse og omsorgstenesta.
Personlege eigenskapar
- sjølvstendig, positiv og engasjert
- serviceinnstilt og utadvendt
- trivst i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver
- triveleg arbeidsfellesskap
- løn etter gjeldande tariffavtale
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Ann Cecilie Garnes Utgård, Einingsleiar, +47 95 89 12 87Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5063801988
Stillingsprosent: 33%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Ann Cecilie Garnes Utgård
Einingsleiar
+47 95 89 12 87
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6cfb97f0-e7c2-45e5-8402-ce458a094dc5
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
04059748aabd409ea94ffbd73e3382c4
Lignende annonser
Kjøkkenassistent / Kokk
Arbeidsgiver
Norlandia Hessa
Sted
Ålesund
Ferievikar 2026 - Fagkokk/ Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Ferievikarar Felleskjøkken
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim
Sted
Ørsta