Hopp til innhold

Førde bu- og miljøteneste, eining 2 har ledig stilling som

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Førde bu-og miljøteneste, eining 2

Sted

Sunnfjord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.

Vi har ledig: 

100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 11.05.2026

Eininga har 3 delt turnus med ordinære vakter, langvakter og langvakter med arbeid 4 kvar helg. Dersom ein ikkje ønsker å arbeide langvakter, legg vi til rette for det.

 

Vi søker deg som

  • er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • har norsk autorisasjon
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • er fleksibel, trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • er lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har førarkort klasse B

Arbeidsoppgåver er mellom anna

  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • primærkontaktansvar - utarbeide, følge opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
  • koordinere og følge opp ansvarsgrupper
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
  • journalføring - vi nyttar fagprogrammet CosDoc
  • rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta

Vi kan tilby

  • engasjerte kollegar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spennande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Du søker elektronisk. 
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6cd54e02-1e7a-4909-bf47-991559a43142

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3583107_192503_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser