Lærar i teknologi- og industrifag
Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i teknologi- og industrifag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Askøy vidaregåande skule legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Vi legg stor vekt på at skulen skal ha eit trygt og godt skulemiljø, og ser dette i samanheng med korleis vi løyser oppgåvene våre som kompetente, opne og modige tilsette i ein organisasjon i utvikling.
Skulen starta skuleåret 2023-2024 i nytt bygg, med nye verkstader, og eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa.
Vi har ledig ei fast stilling som lærar på avdeling for teknologi- og industrifag. Stillinga vil vere ledig frå 1.februar 2025.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer søkjarar med undervisningskompetanse innafor programfaga på teknologi- og industrifag, med minimum fagbrev med 4 års praksis og teknisk fagskole eller ingeniørutdanning innfor fagfeltet.
Som faglærar i teknologi- og industrifag skal ein gje elevane opplæring i programfaga på utdanningsprogrammet.
Saman med dei andre faglærarane og praksiskoordinator har ein ansvar for å gje elevane meistring gjennom praksis på skulen, og i praksisperioder i bedrift.
Målet er at elevane skal vere kvalifiserte og motiverte for å gå ut i lære etter opplæringa på skulen.
Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga. Som kontaktlærar skal ein koordinere arbeidet rundt klassen og den enkelte elev. Samarbeid med føresette er ein viktig oppgåve i denne funksjonen.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant faglig og pedagogisk kompetanse. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk-pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha relevant fagleg kompetanse og erfaring i dei fagområda som skulen treng kompetanse i.
Erfaring frå undervisning/opplæring vil vere eit fortrinn.
Søkjar på stillinga må ha gode samarbeidsevner, og fokus på relasjonsbygging.
Den vi tilset må ha eit godt lag med ungdom, samstundes som ein må vere ein tydeleg, vennleg og strukturert vaksen.
Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og som deltar aktivt for å utvikle eit godt fagmiljø saman med andre på skolen.
Den som blir tilsett må ha kunnskaper om og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
Personlege eigenskaper og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på i tilsetjinga.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein trygg vaksen som har trua på at alle elevar kan lukkast, gjennom meistring og trivsel i opplæringa.
Det vil bli vektlagt at du
- har ei inkluderande haldning i møte med elevane, og ser verdien i mangfald
- har god pedagogisk forståing, og vilje til å tilpasse opplæringa til eleven sine behov
- er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning
- er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men òg sjølvstendig i eige arbeid
- trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, lærarar, miljøarbeidarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
Vi tilbyr
Eit spennande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Moglegheiten til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk. Det kan bli vurdert eigne vilkår for å rekruttere særskilt kritisk kompetanse.
Søknad og cv sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Last opp attestar og vitnemål før eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at overtallige ved andre skuler kan ha rett til utlyst stiling.
Alle som skal tilsettjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Berit Karin Øydvin Nilssen, Rektor , 41315749, berit.karin.oydvin.nilssen@vlfk.noArbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5042631408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6cd0ff8c-9aaf-4647-986c-e30176cc4b95
- Sist endret
15. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e47d2e66b0f44ec8dfea532695749c7
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sotra vidaregåande skule
Sted
Skogsvåg
Arbeidsgiver
Fagskulen Vestland - avd. Nygård
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Frekhaug