Hopp til innhold

Lærar i Elektro

Arbeidsgiver

Sotra vidaregåande skule

Sted

Branndalsmyra 61, 5353 Straume

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Lærar i Elektro
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 11. mai

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.


Vi søkjer etter lærar i Elektro og datateknologi i 100% fast stilling frå 1.august 2026. På elektro har vi Vg1 Elektro og datateknologi, Vg 2 Elektro og ekom, Vg2 Automatisering og Vg3 Automatiseringsfaget.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet Elektro og datateknologi.
  • Undervisning på kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utviklinga i bransjen.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt.
  • Arbeide for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og arbeidserfaring som elektrikar.
  • Fagbrev frå eit av dei andre faga innafor Elektro er òg aktuelt og vil bli vurdert.
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta teoretisk utdanning ved sidan av arbeidet.
  • Ønskjeleg med allsidig erfaring frå bransjen.
  • Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være ein føremon.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

    Andre opplysningar

Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

 

Kontaktinformasjon

Line Therese Gaska, avdelingsleiar, 91363756
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Branndalsmyra 61
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5116520217
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 11.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Olav Lee

rektor

93034370

Erik Henneli

Assisterande rektor

95826077

Line Therese Gaska

avdelingsleiar

91363756

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2297d75e-81c7-47ad-884d-0e9e7edc306c

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c5e7f3d5c7814eae99225805be2c03f8

Lignende annonser

Laster lignende annonser