Hopp til innhold

Avdelingsleiar for studiespesialiserande og fellesfag

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune

Sted

Branndalsmyra 61, 5353 Straume

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter avdelingsleiar for studiespesialiserande og fellesfag. Ønskjeleg med oppstart 1. august.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av ein avdeling for studiespesialisering
  • Pedagogisk og fagleg leiing og utvikling av avdelinga, i samarbeid med fagrettleiarar
  • Samarbeid med eksterne instansar, som til dømes Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet
  • Personalansvar, m. vikarhandtering
  • Arbeide for å gjennomføre Sotra vidaregåande skule og Vestland fylkeskommune sin visjon, verdiar og strategiar
  • Budsjettansvar for ein avdeling
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt
  • Anna arbeid, som til dømes timeplanarbeid kan bli aktuelt
  • Bidra til eit utviklande profesjonsfagleg fellesskap
  • Vere ein del av skulen sin leiargruppe
  • Delta i leiarmøte og drift av skulen

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, minimum Bachelorgrad
  • Leiarkompetanse og/eller -erfaring frå skule eller liknande verksemd
  • Pedagogisk kompetanse i to eller fleire fag som skulen tilbyr
  • Pedagogisk erfaring og god kjennskap til skulesektoren, gjerne vidaregåande
  • Ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
  • Kunne vise til resultat i tidlegare stilling

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein person som er resultatorientert og ansvarsbevisst, og som arbeider strukturert
  • Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode evner til å kommunisere og motivere, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du har vilje og evne til å samarbeide godt med lærarar, føresette, elevar og eksterne instansar
  • Du bryr deg om elevar og tilsette
  • Du har høg motivasjon og handlekraft
  • Å vere egna for arbeid som leiar i skulen vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling

  • Ein spennande leiarstilling

  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass

  • Trimgrupper for tilsette

    Andre opplysningar
    Den som tilsetjast må legge fram politiattest.

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

33ef16d7-7758-45f5-8d4f-4d89ccb5c37a

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

463302400

Lignende annonser

Laster lignende annonser