Hopp til innhold

Ønsker du å bidra til ein positiv kvardag for barna våre?

Arbeidsgiver

Ølensjøen Fus Barnehage As

Sted

Litlehagen 4, 5580 Ølen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vil du gjera ein forskjell i barns liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa.

Stillingstittel
Barnehagemedarbeider
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100% og deltid 60%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som:

💛 Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer

🎈Likar å engasjere deg i leik - har ekte begeistring for samvær med barn.

🌦️Er ein aktiv og trygg vaksen som likar å væra ute i all slags vær

🎨Kan tilretteleggja for leik og læring på kreative måtar

🔃Er fleksibel og ser løysingar

🗣️Har gode ferdigheter i norsk

📚 Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar/innan helsefag og relevant praksis er ønskjeleg

Saman gir me barndommen verdi; vennskap, leik og gled og kvardagsmagi.

Arbeidsoppgaver

  • Legge tilrette for at barna får utvikle seg og lære gjennom leik, aktivitet og samspel

  • Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen

  • Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og aktivitetar

  • Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede

Vi tilbyr

✨Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø der latter og samarbeid er ein natuleg del av dagen

🌱God retleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast

💛Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida

👕FUS-klede

🚀Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear

Høyres dette ut som noko for deg? Me ser fram til å høyre frå deg! 💫

Om bedriften

Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen! Me treng fleire dyktige tilsette på laget vårt. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. Me har eit arbeidsmiljø prega av delingskultur, involvering og ekte arbeidsglede.

Det språklege og kulturelle mangfaldet i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å væra respektfulle, vise omsorg og forstå ulike perspektiv. Er du og glad i å væra ute og på tur? Då vil du passe hos oss! Me har FUS-bussen som tek oss med på små og store eventyr - både nært og fjernt.

Og som ekstra bonus: På kjøkkenet har me vår eigen kokk, som stadig freistar smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6c5d4fee-6490-4efb-a87f-fc21ecff77a0

Sist endret

14. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

6c5d4fee-6490-4efb-a87f-fc21ecff77a0

Lignende annonser