Leiar for Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdomar (NAPOS)
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)/ Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdomar (NAPOS), Helse Bergen HF
Jonas Lies vei 91b, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Leiar for NAPOS
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Vi søkjer etter ein positiv, engasjert og dyktig leiar til mellombels stilling som leiar for Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdomar (NAPOS).
Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdomar (NAPOS) har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølgjing av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdomane.
NAPOS har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
NAPOS rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervising og har et bredt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får, gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fl eire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.
NAPOS har om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. NAPOS er ein del av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar. For meir informasjon om NAPOS; sjå napos.no
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg, administrativt inkludert budsjett og personalmessig ansvar for NAPOS
- Ansvar for heilskapleg og strategisk utvikling av verksemda, i tråd med vedtekne mål og strategiar
- Delta i leiargruppa for Nasjonalt sjeldensenter
- Leie og videreutvikle Norsk porfyriregister
- Delta i og ev. leie tverrfaglege team ved NAPOS
- Samarbeide med Seksjon for porfyrianalysar, seksjonsoverlege og legar ved MBF opp mot porfyridiagnostikk
- Ansvarleg for å leggje til rette for forskningsaktivitetar, utviklingsprosjekt og kliniske studiar.
- Avhengig av faglege kvalifikasjonar; bidra i klinisk verksemd retta mot helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdomar
- Delta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosar
- Leiar rapporterer til avdelingssjef ved MBF
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg/laboratoriefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå. Det er ønskjeleg med minimum mastergrad, men relevant erfaring kan kompensere for manglende formell utdanning.
- Kjennskap til porfyrisjukdomar og/eller sjeldenfeltet vil vere ein stor fordel
- Forskingserfaring er ønskjeleg
- Relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
- Evne til å uttrykkje seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, samt ha god formidlingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Personlege eigenskapar
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- Ansvarsbevisst med evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og målretta
- Evne og vilje til å setje seg inn i nye saksområde
- Evne til å motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
- Interesse for utvikling- og forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksible arbeidsforhold
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef MBF, 55 97 43 97, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.noArbeidsstad
Jonas Lies vei 91b5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4970495795
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 05.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2947135
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc8343fd8e1e40c6967ca7be115278a1