Hopp til innhold

Ungdomsprest 100%

Arbeidsgiver

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Sted

Austre Skiftedalsveg 25, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Ungdomsprest 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?

Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt.

Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.

Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper.

Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.

Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.

Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!


Arbeidsoppgåver

  • Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet
  • Strategisk leiing og visjonsarbeid
  • Involvering av ungdom i gudstenesta
  • Hovedkontakt for konfirmantåret
  • Ansvar for konfirmantundervisning i team saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog
  • Gudstenestearbeid
  • Leiarutvikling for ungdom
  • Leirar
  • Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
  • Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller som i nær framtid skal ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja
  • Erfaring frå arbeid blant unge i kyrkja er ønskjeleg
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg
  • Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven § 20)

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Støttande og visjonær
  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, sjølvstendig
  • Evne til langsiktig tenking
  • Initiativrik og ansvarleg

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemskap i KLP

Anna

Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre. Kvelds- og helgearbeid må påreknast. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 415 07 011
Mathilde Dale Løvfall, Personalleiar, 90272703

Arbeidsstad

Austre Skiftedalsveg 25
5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5056045993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mathilde Dale Løvfall

Personalleiar

90272703

Rannveig Vestbøstad Vik

Seksjonsleiar barn og unge

415 07 011

Om bedriften

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6bef14fc-e936-4ef1-ae51-6d0b05644641

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8a7b730deac24d4b9c0491d40fe01959

Lignende annonser