100% fast stilling som lærar
f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
Ålfotevegen 52, 6737 Ålfoten
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. desember
Ved Ålfoten oppvekstsenter har vi ledig ei 100% fast stilling som lærar, med oppstart 05.01.2026.
Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage, ein barneskule og SFO. Vi har ein todelt skule. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-5 år går saman. Vi har eit tett og godt samarbeid ved oppvekstsenteret.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Hausten 2011 starta vi arbeidet med PALS. I dette prosjektet har vi fokus på å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø for alle gjennom å byggje ein felles positiv, sosial kultur. Barnehagane og skulane i Bremanger kommune har også arbeidd med satsinga; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» i mange år. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen har vore hovudtema i satsinga.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer grunnskulelærar med undervisningskompetanse for 1.-7. trinn.Personlege eigenskapar
- høg relasjonell kompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
- fagleg kompetent, utviklingsorientert og oppdatert på eiga fagfelt
- tydeleg klasseleiar
- positiv, engasjert og høgt motivert
- bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar, vernepleiarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462Arbeidsstad
Ålfotevegen 526737 Ålfoten
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5041669082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
+47 97167462
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6ba5d9d8-0a46-4b05-ad72-903e0f52ee90
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
95da81191aac4bf498901b2811aa0332
Lignende annonser
Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Sted
Svelgen
Barnehagelærar/fagarbeidar
Arbeidsgiver
f. t. ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
Måløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune
Sted
Deknepollen