Floke Ulvik søkjer frisør og/eller skjønnheitsterapeut
Fimum As
Tyssevikvegen 28, 5730 Ulvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Frisør
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100% og deltid 60%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid og kveld, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Kjenner du deg att? Du vil meir enn å berre møte opp på jobb - du vil utvikle deg, utforske nye sider ved faget og vere del av noko større. Då er du kanskje den eg ser etter.
Eg heiter Ina, og eg driv Floke Ulvik, ein grøn, sertifisert salong midt i hjartet av Hardanger. No leitar eg etter deg som vil vere med og byggje vidare på noko unikt - eit stad der fag, trivsel og berekraft går hand i hand.
Kvifor startar eg med historia mi?
Fordi ho fortel kvifor eg gjer som eg gjer - og kvifor det er så viktig for meg å finne nokon som deler visjonen min.
Etter ti år som frisør med tradisjonelle fargar fekk eg sensibilisering mot PPD og PTD. Eg måtte velje: å gje opp faget eg elska, eller å finne ein ny veg. Eg valde det siste - og oppdaga ei verd av grøne, sertifiserte produkt som verkeleg fungerer.
I dag har eg ingen plagar i arbeidsdagen. Eg har blitt nominert til Årets Kolorist (2022) og Årets Brynsstylist (2024) - begge gongene med sertifiserte fargar.
Eg har òg vore med og bygd opp fleire kjende bedrifter, som Adam og Eva Grensen (2011) og Brow Rehab Bergen (2015). No ønskjer eg å byggje vidare her i Ulvik - og eg treng nokon som vil same vegen som meg.
Floke Ulvik er fire år gammal, men me er ein del av eit større nettverk - Floke-familien - med sju salongar rundt om i landet. Det gir oss tilgang til intern opplæring, erfaringsutveksling, kurs, samlingar og eit fantastisk fagleg og sosialt miljø. Ein herleg flokk å vere ein del av!
Vår visjon: kvalitet til bygda
Eg er oppvaksen i Hardanger, og eg veit kor mykje det betyr å ha tilgang til profesjonelle behandlingar - også utanfor dei store byane.
Målet mitt er at Floke Ulvik skal vere det naturlege førstevalet for skjønnheit og velvære i regionen.
For å få det til, treng eg fleire som deler engasjementet -- som vil lære, bidra og utvikle seg saman med meg.
Kven er du?Du er fagleg engasjert, nysgjerrig og glad i menneske. Du treng ikkje vere ferdig utlært - berre ha vilje til å vekse.
Du kan ha bakgrunn som:
-
Frisør
-
Hudterapeut
-
Kroppsterapeut
-
Bryn- og vippeteknikar
-
Voksterapeut
-
Makeup-artist
-
Lærling
Det viktigaste er at du har eit ekte engasjement for berekraftig skjønnheit og ønskjer å vere del av eit fellesskap som byggjer kvarandre opp.
Det er ein fordel om du:-
Har fagbrev eller relevant erfaring
-
Er kreativ, serviceinnstilt og nøyaktig
-
Likar å ta ansvar og vise initiativ
-
Er interessert i å bidra til digital marknadsføring og innhaldsproduksjon
-
Snakkar norsk (eller lærer raskt)
-
Kundebehandling - ta imot kundar og gje dei den beste opplevinga me kan tilby
-
Gjennomføring av behandlingar - alt frå klipp og farge til bryn, vipper, voks og meir (avhengig av di kompetanse)
-
Sal av produkt - du er ein ambassadør for produkta me brukar
-
Marknadsføring - bidra aktivt med innhald til sosiale medium og synleggjere salongen
-
Utvikling - vere med å forme og utvikle tilbodet vårt framover
Dette får du hos oss:
🌿 Trygge og sunne arbeidsforhold
Me brukar berre allergivennlege og miljøvenlege produkt - slik at du kan arbeide utan helseplager og med god samvit.
🏔️Naturskjønne omgjevnader Ulvik er ikkje berre vakkerDet er eit lite paradis omgjeve av fjord, fjell og frisk luft. Her får du arbeide i ei roleg og inspirerande atmosfære, langt unna støy og stress.
📚 Utvikling og inspirasjon
Gjennom Floke-nettverket får du tilgang til kurs, samlingar og fagleg oppfølging. Eg elskar å lære nytt -- og håpar du gjer det same.
💰 Gode vilkår
-
Lønn etter avtale
-
Provisjon og bonusordning
-
Pensjon og forsikring
-
Moglegheit til å byggje eigen kundebase
⏰ Fleksibel kvardag
-
Fulltid eller deltid -- me finn ei løysing som passar deg.
-
Oppstart: etter avtale.
Som ein del av Floke-familien får du tilgang til eit nettverk av sju salongar, der me deler kunnskap, heiar på kvarandre og møtest jamleg. Det er noko heilt spesielt med denne flokken.
Korleis søkjer du?Send søknad og CV til ina@floke.no. Legg gjerne ved bilete av arbeidet ditt, eller ein kort video der du fortel kven du er og kva du brenn for.
Søknadsfrist: 31. januar 2026 Oppstart: Etter avtale
Har du spørsmål, eller vil du slå av ein uformell prat før du søkjer? Ta kontakt med meg på 919 09 872 eller ina@floke.no.
Eg ser ikkje etter den som kan alt, men den som vil lære, bidra og skape noko fint.
Om dette treff deg -- send meg ein melding. Eg gler meg til å høyre frå deg!
Varme helsingar,
Ina - Floke UlvikKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Floke Ulvik er meir enn berre ein frisørsalong. Me er eit heilskapleg skjønnheitsunivers der kvalitet, berekraft og velvære står i sentrum. Me er sertifisert Grøn Salong, noko som betyr at alle produkta våre er godkjende etter Grøn Salong si forbodsliste. Dette er viktig -- både for miljøet, kundane og oss som jobbar her.
Me tilbyr alt frå klipp, farge og kur til bryn, vipper, ansiktsvoks og heilskapleg velvære. Me brukar merke som Hårologi, Davines Naturaltech, K18, Lyng og sminke frå Jane Iredale.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b722f78-cf81-46b9-bfe1-6db56c13565a
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6b722f78-cf81-46b9-bfe1-6db56c13565a
Lignende annonser
Frisør
Arbeidsgiver
Papiljotten Frisør As
Sted
Norheimsund, Kvam, Vestland
Arbeidsgiver
Cut'n Go Stord As
Sted
Stord, Vestland, Bømlo, Stord, Fitjar, Haugesund, Etne, Tysnes, Sveio, Tysvær, Kvinnherad
Fargetekniker
Arbeidsgiver
Cut'n Go Stord As
Sted
Stord, Vestland, Bømlo, Stord, Fitjar, Haugesund, Etne, Tysnes, Sveio, Tysvær, Kvinnherad